Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Rettleiing til påmelding husflidstevlinga

Her finn du rettleiing og reglement for Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design på Dyrsku’n.

Fyll inn påmelding til Husflidstevlinga – tevling i handverk & design innan 16. august 

 

Det må fyllast ut eitt skjema pr. produkt. Eit godt og korrekt utfylt skjema vil gje grunnlag for ein best mogleg vurdering av arbeidet ditt. Vær difor vennleg og fyll ut så mange opplysingar som mogleg.

Endeleg innleverings- og påmeldingsfrist er fredag 16. august 2024 . Gjenstandar som kjem til Dyrsku’n Arrangement AS etter dette vert ikkje med i tevlinga.

REGLEMENT

  • Alle arbeid må vere påmeldt av utøvar. Ved fleire utøvarar må dette førast i påmeldingsskjemaet.
  • Arbeida må vere utført i perioden 2023 – 2024.
  • Arbeid kan vere utstilt tidlegare, men ikkje i ein konkurranse. 
  • Eitt arbeid kan ikkje vere påmeldt i fleire klasser.
  • Dommarane sine avgjersler er endelege.
  • I dei opne klassene, samt klassene for formgjeving, må utøvarane ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, utprøvingar m.m. 
  • Dokumentasjon må leverast i klassa for tradisjonstekstil.
  • I klassa for eggverktøy skal det sendast inn eit blad til knekking. 
  • Det er ei grense på inntil tre innsendte arbeid i kvar klasse.

Anna informasjon

  • Bilde av innsendte gjenstandar kan bli bruka til marknadsføring.
  • Gjenstandar som er meldt på tevlinga skal vere med på Husflidsutstillinga under Dyrsku’n.
  • Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 370,- som blir fakturert utøvar etter påmelding.
  • Arbeidet sendast til Dyrsku’n si postadresse.
  • Dei påmeldte arbeida er ikkje forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. Dersom du ynskjer å forsikre arbeidet ditt, må dette gjerast privat. Postgangen er forsikra gjennom Posten.
  • Om arbeidet skal leverast personleg i Seljord, nyttar du adressa:

Dyrsku’n Arrangement AS

Nordbygdivegen 60

3840 Seljord

Ring på dørklokka eller ring sentralbordet på telefon 35 06 57 70

 

NAMN OG ADRESSE 

Ver nøye med at alle opplysingane er korrekte og at du fører på ei ev. e-postadresse. Skriv tydeleg!

Det er og eit eige felt med dei same opplysningane for ein ev. medprodusent. Begge produsentar vil då vere påmelde og likestilte under dømminga. 

 

KATEGORIAR MED KLASSER OG UNDERGRUPPER

Verdt å merke seg:

  • Rekruttklassene er for elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon. 
  • I kategorien for tekstil er det lagt til ei ny klasse som heiter tradisjonstekstil. Denne klassa er for t.d. bunader, flate tekstilar, kopiar av museumsgjenstandar og andre tradisjonelle tekstilar. I denne klassa må dokumentasjon leverast.
  • Det er og oppretta ei open klasse i alle kategoriar. Denne klassa er for dei produkta som ikkje passar inn i dei andre klassene. 

TRE 

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, el.l.)

TEKSTIL

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, tradisjonstekstil, open klasse

Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form

SYLV

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form

KERAMIKK

Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse

Undergrupper: Dreiing, pølseteknikk, plateteknikk, relieff, brukskunst, skulpturar

SMIING

Klasser: Rekrutt, eggverktøy/verktøy, open klasse

Undergrupper: Verktøy, eggverktøy, brukskunst, skulpturar, el.l. 

KNIV

Klasser: Staskniv, brukskniv, påkosta brukskniv, open klasse

Ingen undergrupper 

 

Vurderings-skjemaet som dommarane brukar under dømming er utforma og tilpassa klassa det vert stilt i. I formgjevingsklassa vil t.d. form/komposisjon bli vektlagt høgare enn i handverksklassa. 

Motsett vil teknisk utføring bli vektlagt høgare i handverksklassa enn i formgjeving. Utøvar vel sjølv kva klasse produktet skal stillast i, men enkelte kriterium føreligg:

  • I klassa for formgjeving må utøvaren ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette kan dokumenterast gjennom skisser, foto, utprøvingar, m.m.
  • I klassene for handverk er det ikkje sett krav til at utøvaren skal ha komponert mønsteret/malen til arbeidet sjølv.

Vi gjer og merksame på at dommarane i sjeldne tilfelle har høve til å flytte gjenstandar frå ei klasse til ei anna under dømming, dersom dette kjem deltakaren til gode.

OPPLYSNINGAR OM ARBEIDET

NB! Arbeid som vert meldt på i tevlinga kan ha vore stilt ut før, men ikkje i ei premiert tevling eller utstilling.

TYPE GJENSTAND:  Til dømes staskniv, vevd løpar, el.l.

PRODUKSJONSÅR: Arbeidet må vere utført og ferdigstilt i løpet av åra 2023 – 2024.

PRISANSLAG: Arbeida som vert levera inn til tevlinga er ikkje forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. I postgangen er arbeida forsikra gjennom Posten. Eit prisanslag på arbeidet er likevel viktig både for postgangen sin del og dersom det er interesse for arbeidet ditt frå publikum.

MATERIALLISTE: Gje ei fullstendig liste over dei materiala som er nytta i arbeidet ditt. 

TEKNIKKAR: Forklar kva for teknikk/teknikkar arbeidet er laga i. Døme: broderi, vev, dreiing, smiing, m.m. Dersom særskilde teknikkar er bruka, bør desse nemnast. Dersom det er gjort bruk av maskinelt verktøy skal dette og nemnast.

KORT ARBEIDSSKILDRING: Gje ein kort omtale av arbeidsprosessen din. Dersom det er behov, må du gjerne bruke baksida av skjemaet eller eit eige ark.

EV. ANDRE OPPLYSNINGAR: Skriv inn utfyllande opplysningar om arbeidet som kan vere til hjelp for dommarane. Bruk baksida av skjemaet eller eige ark om naudsynt. I både handverks- og formgjevings-klassene legg du fram kva mønster som er nytta for arbeidet.

Dersom andre har vore involverte i prosessen og ferdigstillinga av produktet, skal dette nemnast.

SKAL ARBEIDET HENTAST/SENDAST: Skriv om arbeidet vert henta eller om det skal sendast. Større arbeid må hentast. Arbeid som ikkje vert henta, vil bli sendt som Norgespakke i posten. 

Tidspunkt for henting:  

  • Sundag 15. september kl. 17.00 – 20.00
  • Måndag 16. september mellom kl. 09.00 – 16.00

Verdt å merke seg:
Vi ynskjer å gjere deltakarar merksame på at produkta ikkje tevlar direkte mot kvarandre. Ved dømming av produkta kan det likevel oppstå eit element av samanlikning med omsyn til nivå på premiegrad.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Dyrsku’n Arrangement AS

Vilde Vosgraff | mobil 472 38 213  vv@vtm.no

Vest-Telemark Museum | Prosjektleiar Husflidsutstillinga

 

Norges Husflidslag                                                  

Evelyn Utigard | mobil 416 85 397 | evelyn@husflid.no

Fagansvarleg Husflidstevlinga