Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Serveringsansvarleg

Vi søkjer etter serveringsansvarleg – er du den vi ser etter?

Søknadsfrist 25. november 2022

DYRSKU’N ARRANGEMENT AS har 13 faste tilsette og ein omsetnad på om lag 40 mill kr. Selskapet er i spanande utvikling. Selskapet er lokalisert på Dyrskuplassen i Seljord og driv bl.a. Vårmarknaden, Dyrsku’n, Countryfestivalen og Seljordfestivalen. I tillegg vert plassen leigd ut til ulike arrangement i løpet av året. Selskapet vert drifta etter ein modell der alt overskot blir ført tilbake til drift av plassen med bl.a. vedlikehald av bygningar og vidareutvikling av infrastruktur til beste for dei kring 200 000 som i løpet av året besøker plassen.

 

SERVERINGSANSVARLEG

Til våre største arrangement på Dyrskuplassen søkjer vi serveringsansvarleg i ca. 30% stilling.

Serveringsansvarleg vil ha ansvar for planlegging og gjennomføring av servering på arrangement tilknytt Seljordfestivalen, Countryfestivalen og Dyrsku’n.

Blant arbeidsoppgåvene vil det vere bestillingar, bemanningsplaner, lagerstyring, HMS og IK-mat m.m.

 

Utanom sjølve gjennomføringa av arrangementa, er kontorstad fleksibelt.

 

Erfaring frå arrangementsplanlegging, hotell og/eller restaurantbransjen er ein fordel.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, hyggelege kollegaer og spennande utfordringar.

 

For nærare informasjon, ta kontakt med:

Festivalleiar Seljordfestivalen & Countryfestivalen / Sals- og marknadsleiar Dyrsku’n Arrangement AS

Yvonne Eilefstjønn mobil 92 45 63 74

 

Send ein kortfatta søknad med CV via søknadsskjema på finn.no innan 25.november 2022.

 

Er du interessert i å jobbe med andre oppgåver hos oss?

Vi har behov for dyktige medarbeidarar til ei rekke oppgåver under arrangement hos oss. Er du ein engasjert, positiv, nysgjerrig og serviceinnstilt person som likar å skape noko saman med andre, høyrer vi gjerne frå deg.

Send ein open søknad til post@dyrskun.no der du fortel om deg sjølv og erfaringar frå tidlegare arbeidsstader.