Telemarksfeet er opphavet til Dyrsku'n sidan 1866. Du kan framleis møte den vakre rasen på Dyrsku'n

Telemarkskua – Dyrsku’n si dronning

På Sterke Nils-tunet og i Fjoset kan du møte fjellets og Dyrsku’n si dronning – Telemarkskua

Telemarkskua vart godkjent som eigen rase allereie i 1856, og frå 1866 var Dyrsku’n i Seljord hovudarena for dyreutstillingane i Telemark. Telemarksfeet vart betrakta som rasen for fjellbygdene, og har etter kvart spreidd seg over heile landet. Rasen var kritisk utryddingstruga, men har jobba seg oppover i både antal dyr og omdømme.

I Fjoset finn du Telemarkskyr i dei gamle trebåsane, og på Sterke Nils-tunet blir dei fora og mjølka på gamalt vis. Mjølka blir separera og sendt til Ystebua for kinning og ysting.Her kan du følgje produksjonen frå fjos til bord, og smake på nykinna smør og ny-ysta ost av beste kvalitet. Borna kan få prøve å lage sitt eige smør av fløyten frå kua.

Du kan lese meir om Telemarksfeet her