Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Send inn din søknad om standplass til Dyrsku'n innan 1. februar

Tildeling av standplassar

Tildeling av stand skjer fortløpande etter at søknadsfristen er gått ut 1. februar.

Tildeling av standplassar på Dyrsku’n startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, truleg i slutten av mars.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig. 

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn namn på dei andre utstillarane i sitt søknadsskjema under punktet «Ekstra oppføring firma-namn». 

ID-band og førehandsbestilte kort får de på utstillarkontoret når de sjekkar inn på marknaden. Standplassen vert stilt til rådvelde frå fredagen før Dyrskuveka startar.

 

Utstillarliste med søkbart kart på firma og vareslag vert lagt ut på nettsida i august. Lista vert og publisert i messeavisa. Web-link til utstillarlista kan tingast på søknadsskjemaet (gratis).