Dyrsku'n er ein stor og synleg arena for anleggsbransjen.

Utestand

Kva er utandørs standplass på Dyrsku’n?

Underlaget er gras eller grus på utestandane. Vegane mellom standfelta er i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar. I standleiga er det kun arealet som er inkludert i prisen, i tillegg til 2 adgangsband som gjeld for alle 3 dagar. Du kan huke av på søknadsskjemaet at du ynskjer å bli kontakta for leige av telt frå vår samarbeidspartner. Dei har og utleige av utstyr som gulv, stolar, bord etc.

Djubda på ordinære utestandar varierar mellom 4-7 meter, og utstillar disponerer standplass frå vegkant og bakover hovudsakleg til midtre del av feltet. Det er lengda på fronten som tel når ein reknar ut prisen.

Områda for landbruk, anlegg, bil & motor har eit minsteareal på 50 m2. Djubda på desse standane varierar mellom 7-12 meter.

For meir informasjon, ta kontakt med oss.