Utstillingsreglar geit

Her finn du reglar for geiteutstillinga på Dyrsku’n

INDIVIDDØMMING

Eksteriørpoeng

I alle klasser gjev ein eksteriørpoeng frå 1 – 10. Det kan nyttas halve poeng. Ved dømming legg ein vekt på bein og ganglag. Ledd og leddvinklar skal vere normale. Dyra skal ha god høgde og eit tett hårlag. Dyra skal vere godt utvikla, ha kraft og trivsel, og dei skal ikkje ha defektar av noko slag.

 

Jurpoeng

Utstilte geiter skal gjevast eit poeng for jur og spenar frå 1 – 10. Det kan nyttas halve poeng (omtale kan skilje geiter som får same jur-poeng). Poenget skal vere hovudkarakter for kor godt skikka geita er for maskinmjølking. Hovudvekta skal leggast på eigenskapar ein veit har verknad på :

  • Rask og fullstendig tøyming av juret
  • Spenekoppane sit godt på utan å krype oppover eller ramle av
  • Speneplassering, jur-feste og jur-form som førebyggjer skader og jurbetennelse

 

Krav til premiering

 

1.premie 2.premie 3.premie
Jur og spenar : 8 7 6
Eksteriør : 8 7 6

 

Etter den tradisjonelle dømminga, tek vi så inn beste geit frå kvar besetning i ringen.