Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Vakt- og beredskapsleiar Dyrsku’n

Vi søkjer etter ny vakt- og beredskapsleiar til Dyrsku’n – er du den vi ser etter?

Søknadsfrist 4. oktober 2021

DYRSKU’N ARRANGEMENT AS har 14 faste tilsette og ein omsetnad på om lag 35 mill kr. Selskapet er lokalisert på Dyrskuplassen i Seljord og arrangerer handels- og landbruksmessa Dyrsku’n som årleg samlar kring 90 000 besøkande, i tillegg arrangerer vi Vårmarknaden. Under Dyrsku’n vert det omsett varer for om lag 500 millionar. Vår ambisjon er å vere ein innovativ nasjonal samfunnsaktør innan mat og landbruk, i tett samarbeid med lokale, regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Dyrsku’n har vore arrangera sidan 1866.

Dyrsku’n Arrangement AS er medeigar i Countryfestivalen AS og Seljordfestivalen AS. Dyrskuplassen vert også leigd ut, og det er totalt kring 15 arrangement med ca. 200 000 besøkande i løpet av året.

 

Vakt- og beredskapsleiar Dyrsku’n

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og koordinere den totale operative tenesta på alle eigne arrangement
  • Ansvar for å utarbeide og vidareutvikle planverk, instruksar og prosedyrar
  • Vere kontaktpunkt og administrere møter med beredskapsetatar, grunneigarar, dugnadsmannskap og andre samarbeidspartnarar
  • Involvert i planverk kring beredskap ved utleige av plassen
  • Utøve rolla i tett samarbeid med trafikk-koordinator og andre nøkkelpersonar i administrasjonen

 

Kvalifikasjonar:

  • Leiarerfaring frå liknande oppgåver
  • Bakgrunn frå operativ teneste
  • Ha evne til å sjå heilskapsbilde
  • Gode ferdigheiter i bruk av data og digitale verktøy
  • Erfaring frå beredskapsetatar vert sett på som positivt, men er ikkje eit krav

Kven er du?

  • God lagspiller og relasjonsbyggar med gode samarbeidsevner
  • Trygg og profesjonell i leiarrolla og komfortabel med mange varierte arbeidsoppgåver
  • Ryddig, strukturert, løysingsorientert, beslutningsdyktig og lojal
  • Du må vere fleksibel, då det er variasjon i arbeidsmengde og oppgåver gjennom året

Stillinga utgjer i dag om lag totalt 40%. Kontorplass er Dyrskuplassen i Seljord.

Vi tilbyr:

Konkurransedyktige vilkår, hyggelege kollegaer, eit energisk arbeidsmiljø og spennande utfordringar i ei framtidsretta verksemd

 

For nærare informasjon, ta kontakt med:

Prosjektleiar Marit Mæland mobil 917 51 390

Dagleg leiar Geir Helge Espedalen mobil 906 51 011

 

Send ein kortfatta søknad med CV via søknadsskjema på finn.no innan 4. oktober 2021.