Trivelege vaktar hjelper deg gjerne på Dyrsku'n

Vakthald

Er du utstillar og lurar på kor godt du må sikre standplassen din på natta?

Det vil vere nattevakter som går rundt på heile utstillingsområdet for Dyrsku’n – frå måndag til måndag i Dyrsku-veka. Dei sjekker at hallane er låst, og at ingen uvedkommende har tilgang til plassen. 

På dagtid er det både verter, vakter og politi som går rundt på heile Dyrsku’n. Ta gjerne kontakt med ein frå vertskapet om du har spørsmål.

Du som utstillar er likevel ansvarleg for: 

  • Utstillarane skal følgje gjeldande norske lovar og aldersgrenser, og spesielt lovar og reglar for sal jf. m.a. brukthandlar-lova og lov om meirverdiavgift.
  • Utstillarane er ansvarlege for skader utført i aktløyse som dei, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar.
  • Alle utstillarane skal ha teikna eigen ansvarsforsikring med ein forsikringssum på minimum kr. 10 millionar pr. skadetilfelle.
  • Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige, avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d. vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap.
  • Arrangøren dekker ikkje tap i samband med tjuveri, skadeverk, sabotasje o.l.

 

Les reglane for Dyrsku’n 2024 her.