Vi ville sikre oss kontinuitet i kåringsarrangementet og eit større publikum enn vi har hatt før. Då var det naturleg å høyre med Dyrsku’n om dei var interessert i det, og det var dei, seier Thor Haraldseth i Felleskjøpet Agri.
Han fortel at både Felleskjøpet, der han sjølv er seniorrådgjevar, og Dyrsku’n ser på denne løysinga som eit stort pluss for begge partar. – årets unge bonde-kåringa heng veldig høgt i landbruket i Noreg.
Landbruksdepartementet er opptekne av å vere med, og vi er stolte over at mat- og landbruksministeren sit som juryleiar og deltek på kåringsarrangementet, seier Haraldseth.
Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s og Felleskjøpet Agri. Alle er einige om at Dyrsku’n er den rette staden for kåringa.