Påmelding
Målet med prisen er å løfte fram spennande produkt, inspirere til kreativitet og vise fram dei dyktige produsentane som nyttar lokale råvarer og tradisjonar på innovative måtar. Vinnaren får diplom, gåvesjekk på kr 5.000, gratis stand i Lokalmatteltet på neste Dyrsku og profilering i våre kanalar.
Frist for påmelding: 8. september 2025.
Innlevering av produkt: fredag 12. september kl. 08.00–09.00 ved Lokalmatteltet.
Påmelding og meir informasjon
Årets Mat- og Drikkeprodukt
Velkommen som matutstillar
Dyrsku'n har ein unik posisjon som handelsarena, bygd opp gjennom over 150 år. Vi arbeider for å legge forholda godt til rette for våre utstillarar. Tilbakemeldingane frå våre utstillarar er svært positive både når det gjeld omsetning, marknadsføringsverdi og det å bygge nettverk og knytte kontaktar. Det er derfor ei glede å invitere matprodusentar til å søke om plass i Matkvartalet.
Årets mat- & drikkeprodukt
Vi gratulerer vinnaren av Årets lokalmatprodukt – Stordalen Gardsbruk frå Tinn i Telemark – med EKTE BRUN GEITOST! Årets vinnar vippa juryen av pinnen!