Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

Velkommen som matutstillar

Dyrsku’n har ein unik posisjon som handelsarena, bygd opp gjennom over 150 år. Vi arbeider for å legge forholda godt til rette for våre utstillarar. Tilbakemeldingane frå våre utstillarar er svært positive både når det gjeld omsetning, marknadsføringsverdi og det å bygge nettverk og knytte kontaktar. Det er derfor ei glede å invitere matprodusentar til å søke om plass i Matkvartalet.

5 gode grunnar til å vere utstillar på Dyrsku’n:

  • 93 % av Dyrsku-publikummet kjem for kjøpe, smake og lære om spesielle matvarer
  • 66% av Dyrsku-publikummet forbind Dyrsku’n med mat
  • 9 av 10 handlar på Dyrsku’n
  • Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år
  • Over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet

(tal basera på spørjeundersøking utført av CPM Scandinavia)

Matlyst Dyrsku’n

Interessa for mat, og ikkje minst kunnskap og kjennskap til maten sitt opphav og innhald, er større enn nokon gong.

Med sine lange tradisjonar som handels- og marknadsplass både når det gjeld husdyr og mat er Dyrsku’n i ein unik posisjon til å vere ein formidlar av heile reisa frå jord til bord.

Blant årets utstillarar ventar ein opp mot 100 lokalmat- og drikkeprodusentar, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku’n. Alle er dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og kvalitet på messa. Gjennom program og aktivitetar både i Matkvartalet og på Sterke Nils-tunet, vil vi formidle matkunnskap, norsk matkultur og mattradisjonar for inspirere og bevisstgjere våre gjester til å nyte norsk mat og drikke.

Dyrsku’n arbeider for å løfte fram lokalmat og drikkeprodusentar som stiller på Dyrsku’n. Utvalde produkt frå utstillarane blir bruka i serveringa i Lokalmat-kjøkkenet, Tradisjonsmat-kjøkkenet, i TettPå-arenaen og i Sterke Nils-tunet. På denne måten får utstillarane profilert produkta og verksemda si på ein særs god måte, og våre gjester får gode matopplevingar og god kjennskap til dei unike handverksprodukta utstillarane byr på.

Det blir lagt ned eit grundig arbeid med rettane til serveringsarenaen, så fort søknadsfristen for Dyrsku’n er ute, startar planlegginga av menyar basera på produkta frå utstillarane.

Les meir om mat på Dyrskuplassen 

Om stand og standprisar

I Matkvartalet inviterer vi utstillarar som sel lokalmatprodukt, og som oppfyller kriteria vi har satt. Vi har både ute- og inne standar i Matkvartalet.
Inne standar i det store Lokalmat-teltet er inndelt i standar på om lag 8-9 m2, og prisen pr. modul er kr 5 500,- eks. mva. Her er det primært sal av emballerte mat og drikke.

Det er mogleg å søke om salg av emballert alkoholhaldig drikke i klasse 1 – inntil 4,7 % i Lokalmat-teltet. Då må det søkast Seljord kommune om salsløyve post@seljord.kommune.no før søknaden blir behandla.

Ute standar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten, og pris pr. frontmeter er kr 1050,- eks. mva.

For sal av serveringsmat og drikke er det 16% provisjon av omsetninga, dette må dokumenterast for arrangør etter arrangementet.

Påmeldingsavgift pr. stand er kr 520,- eks. mva. Påmeldingsavgift vert betala når du sender inn søknaden. Avgifta er å rekne som eit administrasjonsgebyr, og blir ikkje refundera sjølv om du ikkje blir tildela ein standplass.

Alle utstillarar som sel eller lagar mat på Dyrsku’n må melde inn utsalet til Mattilsynet. Skjema og retningslinjer finn du på Mattilsynet sine heimesider.

Søknadsfrist 1. februar

Tildelinga av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mars.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig. Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For å få alle med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.

Registrer din søknad for Dyrsku’n 2025

Søknadsfrist 1. februar 2025

Kriteria Matlyst Dyrsku’n

På Matlyst Dyrsku’n skal våre kundar finne inspirasjon og produkt av høg kvalitet.

Produkt som seljast i Matkvartalet skal vere basert på norske råvarer og vere produsert og/eller vidareforedla av utstillar.

Det er høve til å selje produkt som er relatera til matprodukta du sel. Om du sel eksempelvis bakevarer, kan du selje ei oppskriftsbok med relasjon til produkta.

For Dyrsku’n er det viktig at kunden blir kjent med historia bak produktet ditt, vi trur at auka produktkunnskap inspirerer til gode matopplevingar. Vi oppmodar difor utstillarane i Matkvartalet til å opplyse kundane om opphav og bruk av produkt, både skriftleg og munnleg.

Det er to forskjellige typar standleige i Lokalmat-teltet/Matkvartalet.

  • For sal av emballera matprodukt er det ei fast standleige.
  • For sal av serveringsmat og drikke er det 16% provisjon eks. mva av omsetnaden. Rapport på sal sendast arrangør seinast 1 veke etter Dyrsku’n.
  • Frå og med 2023 vil det vere rapporteringsplikt på omsetnad for alle matutstillarar.

Trykk her for prisar på ulike typer stand på Dyrsku’n.

Fleire produsentar kan dele på ein standplass, men begge må sende inn søknad og betale ei obligatorisk påmeldingsavgift.

Grunna samarbeidsavtalar om sal av serveringsmat, vil det ikkje bli tildela standplassar til utstillarar med desse produkta: bakt potet, sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l.

Utstillar må fylgje retningslinjer frå Mattilsynet og melder sjølv frå på eige skjema hos www.mattilsynet.no

Det visast til øvrig reglement for utstillarar på Dyrsku’n. Søknaden må vere registrert innan søknadsfreista 1. februar.

Dyrsku’n ynskjer å kartlegge verdiskapinga under Dyrsku’n. Matutstillarar pliktar difor å sende omsetnadsrapport i etterkant av messa, dette gjeld både for dei som sel serveringsmat og emballert mat. Arrangøren pliktar å behandle rapporten konfidensielt, og den vil ikkje bli delt vidare med tredjepart.

 

Kåring av Arets Mat & drikkeprodukt på Dyrsku’n

Kvart år er det kåring av årets mat og drikkeprodukt. Prisen skal inspirere til kreativitet innan produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Vinnaren får ein pengepremie, omtala i våre digitale flater og diplom, i tillegg til gratis standplass i Lokalmat-teltet på Dyrsku’n påfølgjande år.

Kriteria:

  • Produktet må vere norsk. Norske råvarer skal nyttast så langt det er råd og produktet må vere foredla i Noreg
  • Kvar produsent kan levere inntil 3 produkt
  • Produktet skal vere basera på stadeigne råvarer og tradisjonar i kombinasjon med innovative grep
  • Det utvalte produktet skal ha marknadspotensiale og miljømessig berekraft
  • Emballasjen skal spegle produktets innhald og historie utan å dominere
  • Smaken skal harmonere med innhald
  • Innovasjon og kreativitet honorerast

Alle aktuelle matutstillarar får tilsendt invitasjon til deltaking, og må melde seg på innan oppsett påmeldingsfrist.

 

Tidlegare prisvinnarar: 

2014 Spekepølsa Stordalen frå Vinje Slakteri og Stordalen Gardsbruk

2015 Potetlefse frå Kjevla Hjemmebakeri

2016 Mimi Havsennep frå Arctic Mustard

2017 Osten Pepperknollen frå Thorbjørnrud Ysteri

2018 Smør med gresskarkjerner frå Romstad Gard

2019 Årets foredla: Sjokoladetrøflar med brun geitost og bær frå Stordalen Gardsbruk og Frukt Konfekt

2019 Årets Naturell: Mørbrad av reinsdyrkalv frå Rørosrein

2020 Dyrsku’n avlyst

2021 Dyrsku’n avlyst

2022 Kvita salatost med akevitt og karve frå Beiarmat

2023 Terra Incognita – en økologisk issider fra NeRø Frukt og Sider

2024 RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder

 

Velkommen som utstillar på Matlyst Dyrsku’n!