Det begynner med eit bær

På Røyse har frukt og bær vore ein del av landskapet i generasjonar. Når årets avling er moden, startar nokre av dei travlaste vekene i året på Røyse Bærpresseri.

02.09.2026
Røyse

Radene med solbærbuskar følgjer landskapet ned mot Tyrifjorden. Gjennom våren og sommaren følgjer produsentane utviklinga tett. Vêr, temperatur og nedbør påverkar årets avling, og når bæra er modne, er det naturen, ikkje kalenderen, som bestemmer når innhaustinga skal starte.

Då må også presseriet vere klart. I løpet av nokre få veker kjem store mengder norsk frukt og bær inn på gardsplassen. Jordbær, bringebær og rabarbra kjem først, før kirsebær, solbær og rips tek over, og epla etter kvart avsluttar sesongen. I tillegg pressar vi annan norsk frukt og bær når dei er tilgjengelege.

Råvarene skal takast imot, pressast og foredlast medan dei er på sitt beste. Det krev kapasitet og gode produksjonsanlegg, men også menneske som kjenner råvarene.

Ingen sesong er lik

Eit solbær er ikkje berre eit solbær. Sort, modningsgrad, vêr og vekstforhold påverkar både smak og korleis råvara oppfører seg i produksjonen. Mykje kan målast, men erfaring er også viktig. Årets bær kan oppføre seg annleis enn fjorårets, og produksjonen må justerast undervegs. Gjennom mange sesongar har dei tilsette bygd opp kunnskap om korleis ulike råvarer og sortar skal handterast.

59 prosent av norske industrisolbær

I 2025 tok Røyse Bærpresseri imot rundt 870 tonn norsk frukt og bær. 414 tonn var solbær, tilsvarande rundt 59 prosent av alle norske industrisolbær som blei leverte det året. Bæra kjem ikkje jamt fordelte gjennom året. Når dei er modne, må dei haustast, og i dei mest hektiske periodane går produksjonen døgnet rundt. I fjor hadde vi produksjon døgnet rundt kvar dag i heile august. Råvarene går fortløpande frå mottak til pressing og vidare foredling. Noko blir brukt i Røyse sine eigne produkt, medan andre volum blir leverte som råsaft eller konsentrat til norske mat- og drikkeprodusentar.

Starta av lokale produsentar

Røyse Bærpresseri blei etablert i 2016 av lokale frukt- og bærprodusentar som ønskte lokalt mottak og foredling av råvarene sine. Ti år seinare er presseriet framleis lokalt eigd, og alle produsentane som var med på etableringa leverer framleis frukt og bær hit. Det gir ein kontinuitet frå oppstarten som framleis pregar verksemda i dag.

Ti år, og ein ny sesong

I år markerer Røyse Bærpresseri ti år. Når vi møter publikum på Dyrsku’n i september, er vi samtidig midt i ein ny innhaustingssesong. På standen kan du smake produkt laga av norsk frukt og bær – og møte nokre av oss som jobbar med råvarene gjennom året. For det ferdige produktet begynner ein annan stad. Det begynner med eit bær.

RØYSE BÆRPRESSERI

  • Etablert av lokale frukt- og bærprodusentar i 2016 og er framleis lokalt eigd.
  • Alle produsentane som var med på etableringa leverer framleis råvarer til presseriet.
  • I 2025 tok verksemda imot rundt 870 tonn norsk frukt og bærråvarer, der 414 tonn var solbær – rundt 59 prosent av alle norske industrisolbær.
  • Røyse Bærpresseri markerer 10 år i 2026.