Årets mat- og drikkeprodukt 2026

Vinnaren av Årets mat- og drikkeprodukt 2026 er Skakke Røykeri med Skakke bålbacon. Vinnaren er ein produsent som har arbeidd med tradisjonar og kvalitet sidan starten av 2000-talet.

11.09.2026
Årets mat og drikke produkt 2026

Juryen si grunngjeving

Det var mange verdige vinnarar, men juryen kom til slutt fram til ei avgjerd.

Etter fleire timar med smaking og vurdering av mange gode produkt stod juryen att med fleire verdige kandidatar. Til slutt vart vi einige om vinnaren av Årets mat- og drikkeprodukt 2026.

Vinnaren er ein produsent som har arbeidd med tradisjonar og kvalitet sidan starten av 2000-talet. I produktet blir det brukt førsteklasses, marmorert svinekjøt som blir salta og røykt til eit bacon av svært høg kvalitet. Baconet er perfekt salta og røykt, med ein fantastisk ettersmak, og det krympar lite i panna. Også merking og emballasje held svært høg kvalitet.

Vinnaren av Årets mat- og drikkeprodukt 2026 er Skakke Røykeri med Skakke bålbacon.

Kvart år kårar Dyrsku’n det beste lokalmatproduktet ut frå smak, konsistens, kreativitet, berekraft og emballasje. Vinnaren blei presentert under den offisielle opninga på Dyrsku-fredagen og fikk diplom, pengepremie og gratis standplass på neste års arrangement.

Prisen set søkjelys på kvalitet, nyskaping og stolte mattradisjonar, og bidreg til å styrkje norsk lokalmatproduksjon med både synlegheit og støtte.

Årets jury

  • Hanne Frosta, mellom anna tidlegare drivar av Hanne på Høyden
  • Jarle Holt, NKL Vestfold
  • Rose Skottheim, NKL Vestfold

Heiderleg omtale

Lindheim får heiderleg omtale for ein innovativ og fantastisk balansert plomme- og jalapeñochutney, med ein kombinasjon av syre og sødme og ein lang ettersmak med sting av jalapeño. Produktet har ein god konsistens av plommer, jalapeño, eddik og krydder og passar godt som tilbehøyr til ost, middagar, tapas og liknande.