Bli betre kjent med utstillarane på Dyrsku'n
Matkvartalet på Dyrsku'n
Foredrag og aktivitetar
Finn fram på Dyrskuplassen
Norsk lokalmat- og drikke
Interessa for mat, og ikkje minst kunnskap og kjennskap til maten sitt opphav og innhald, er større enn nokon gong.
Med sine lange tradisjonar som handels- og marknadsplass både når det gjeld husdyr og mat er Dyrsku’n i ein unik posisjon til å vere ein formidlar av heile reisa frå jord til bord.
Blant årets utstillarar ventar ein opp mot 100 lokalmat- og drikkeprodusentar, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku’n. Alle er dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og kvalitet på messa. Gjennom program og aktivitetar både i Matkvartalet og på Sterke Nils-tunet, vil vi formidle matkunnskap, norsk matkultur og mattradisjonar for inspirere og bevisstgjere våre gjester til å nyte norsk mat og drikke.
Dyrsku’n arbeider for å løfte fram lokalmat og drikkeprodusentar som stiller på Dyrsku’n. Utvalde produkt frå utstillarane blir bruka i serveringa i Lokalmat-kjøkkenet, Tradisjonsmat-kjøkkenet, i TettPå-arenaen og i Sterke Nils-tunet. På denne måten får utstillarane profilert produkta og verksemda si på ein særs god måte, og våre gjester får gode matopplevingar og god kjennskap til dei unike handverksprodukta utstillarane byr på.
Det blir lagt ned eit grundig arbeid med rettane til serveringsarenaen, så fort søknadsfristen for Dyrsku’n er ute, startar planlegginga av menyar basera på produkta frå utstillarane.
Kåring av Årets Mat & drikkeprodukt på Dyrsku’n
Kvart år er det kåring av årets matprodukt, der utvalde dommarar vurderer alle dei flotte produkta frå utstillarane våre. Vinnaren får pengepremie, heider og ære. Vinnaren blir kunngjort under den offisielle opninga på Dyrsku-fredagen.
Prisvinnarar:
2025 EKTE BRUN GEITOST frå Stordalen Gardsbruk i Tinn
2024 RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder
2023 Terra Incognita – en økologisk issider fra NeRø Frukt og Sider
2022 Kvita salatost med akevitt og karve frå Beiarmat
2021 Dyrsku’n avlyst
2020 Dyrsku’n avlyst
2019 Årets Naturell: Mørbrad av reinsdyrkalv frå Rørosrein
2019 Årets foredla: Sjokoladetrøflar med brun geitost og bær frå Stordalen Gardsbruk og Frukt Konfekt
2018 Smør med gresskarkjerner frå Romstad Gard
2017 Osten Pepperknollen frå Thorbjørnrud Ysteri
2016 Mimi Havsennep frå Arctic Mustard
2015 Potetlefse frå Kjevla Hjemmebakeri
2014 Spekepølsa Stordalen frå Vinje Slakteri og Stordalen Gardsbruk
Utdeling av prisen Årets Lokalmatgründer
Meny, Hanen og Dyrsku’n står på kåringa og prisen blir dela til under den offisielle opninga av Dyrsku’n.
Vinnar av prisen i 2025 var Ødhumbla.
Sterke Nils-tunet – sjølvberga gardstun frå 1700-talet
I Sterke Nils-tunet kan du møte husdyra og følgje prosessar frå råvarer til ferdige handverks produkt, både innanfor mat og handverk. På 1700-1800 talet, var det for mange nødvendig å vera sjølvberga for å overleva. Kunnskapen om råvarer, produkta og handverket er viktig å løfte fram, for at det skal leva vidare inn i framtida.
Det er stor interesse for husdyra og handverksaktivitetar i tunet. Vi ønskjer med aktivitetane å formidle kunnskap, skape engasjement og vera ei inspirasjonskjelde til å lære handboren kunnskap, som kan skape nye innovative næringar basera på gamal kunnskap.
Steinomsbaking
Demonstrasjon og sal av steinomsbakst.
TettPå Landbruket – teltet
Debatt- og foredragsarena med aktuelle tema.
TettPå-arenaer
Konferanse og foredragsarena med aktuelle tema.
Husdyrhallen
Mataktivitetar – Telemark Bygdekvinnelag.
Presentasjon av organisasjonar i norsk landbruk.