Det er morosamt å vere barn på Dyrsku’n!

Helga byr på spennande aktivitetar og nye inntrykk for barn i alle aldrar. Her kan du komma i nærkontakt med dyr og natur, prøva deg på gammalt handverk, smaka ny og ukjend mat, eller få deg ein svingom i karusellar.

01.02.2025
Dyrsku'n er eit eldorado for barn med mange aktivitetar, dyr og kurs.

Visste du at Dyrsku’n har ein heilt eigen bondegard for barn? Her kjem du tett på mange typiske gardsdyr, som grisungar, lam, kalvar, kaninar og høner. Kanskje er du heldig og får sjå ein kylling bli klekt medan du er innom. Du kan køyre trøtraktor, ri kjepphest, og fleire gonger gjennom helga er det oppvising i kaninhopp.

I Husdyrhallen finn du mange husdyr, og det blir klipping av sau og mykje meir. På Sterke Nils-tunet kan du handmjølke ei geit eller sjå skoing av ein fjordhest. På ridebanen står trivelege ponniar klare til å gje deg ei fin stund på hesteryggen.

For deg som likar litt meir action, kan du prøva deg som kusk eller ryttar på travsimulatoren i Fjoset, eller du kan prøva laserskyting på blink saman med Det frivillige skyttarvesenet.

Delta på Husflidsquiz med Norges Husflidslag ved Hall B. På Sterke Nils-tunet kan du òg læra om skoing av fjordhest og eplepressing.

Blir du inspirert av det du ser, er det lurt å ta turen til Skogtunet, der du sjølv kan prøva deg med spikkekniven. Der kan du òg læra meir om brannvern i skogen, gå natursti eller prøvesitte ein ekte skogsmaskin.

Likar du det litt barskt, bør du prøva deg i smia. Der står to drivne smedar klare til å hjelpa deg, og det du smir kan du ta med deg heim som eit fint minne frå ein spennande dag.

Smak deg gjennom Dyrsku’n

Er du interessert i matlaging og spennande smakar, er Geitmyra verdt eit besøk. Dette er eit område for barn og unge – dei vaksne må vente på utsida. På innsida kan barna vera med på matkurs og kokkekurs der spennande nye smakar gir ekte matglede.
På Sterke Nils-tunet kan du delta i matlaging på gamlemåten, og mellom anna kinna smør.

Spenning før og no

Er du ein av dei som elskar ein skikkeleg runddans? Lunds Tivoli byr på eit breitt utval av attraksjonar. I år kan du òg køyre karusell med speidarane på Sterke Nils-tunet. Karusellen vert bygd av tauverk og staur og driven av rein muskelkraft. Speidarane byr òg på andre typiske speidaraktivitetar – heilt klart noko å utforska.

Ved Sterke Nils-tunet finn du vikingleiren til Olavs menn. Her har dei bygd eit grindverksbygg og kledd seg i ekte vikingklede. Dei lærer deg å skriva med runeskrift, og du får delta i spennande vikingleikar. Kanskje er du familiens beste i sverdkamp?

Det er mykje å prøva og mangt å læra på Dyrsku’n. Sjekk programmet, så er du trygg på at du får med deg alt.