Fredag blir det auksjon!

Vi gjentek suksessen med auksjon, over 100 varer blir synt fram på fredag

12.05.2023

Auksjon fredag kl 18.30

Biltilhengar, verktøy, motorsag, kasser, mopedar, ein mjølkedunk, tråsyklar, kommoder og mindre møblar er noko av det du vil kunne by på under årets auksjon. Varene blir lagt ut fredags morgon og synt fram heile dagen fram til klubba slår kl 18.30.

Under kan du sjå eit knippe av varene som blir auksjonert bort.

Meld deg på auksjon ved oppmøte, vi ynskjer alle ein god handel!