På Dyrsku’n har vi fleire moglegheiter til standplass for utstillarar innandørs. Vi kan tilby innestand i Lokalmat-teltet, Hall A og Ridehallen, her er det tilgjengeleg plass for utstillarar, I Lokalmat-teltet er det berre lokalmat-produsentar som får plass, i Hall A er det utstillarar innan handverk og husflid som får plass.
Om hallane
I hallane er det panelveggar og tette skiljeveggar av enkelt rammeverk (2,5 m høge), og utstillarane må kle desse sjølve. Det er ikkje tillate å setje opp faste installasjonar eller spikre i desse veggane.
- I Ridehallen (Hall D) er standane 3 – 4 meter djupe, med valfri breidde. Hallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møblar, demo, småindustri m.m.
- I Hall A vil utstillarar innan handverk og husflid bli prioritera. Hallen er inndelt i modular på 6 – 8 kvm. Skiljeveggane er opne, og kan dekkast til med stoff o.l.
Om Lokalmat-teltet
På Matlyst Dyrsku’n kan utstillarar innan lokalmat kan få plass i vårt Lokalmat-telt, eller utandørs på eit samla område. Les meir om Matlyst her.