Kjøp gruppebillett til Dyrsku'n
Kjøp gruppebillett til Dyrsku'n

Kjøp billett til Dyrsku’n


OPNINGSTID DYRSKU’N

Fredag 13. september kl. 09.00-20.00

Laurdag 14. september kl. 09.00-20.00

Sundag 15. september kl. 09.00-18.00

FINN LEDIG OVERNATTING

PRISAR Dyrsku’n

Dagsbillett

Vaksen frå 16 år kr. 250,- / 270,- (ved port)

Barn 6-15 år kr. 80,-

Barn 0-5 år gratis – men hugs å legge gratisbillett for dei i handlevogna!

3-dagars billett

Vaksen frå 16 år kr. 585,-

Barn 6-15 år kr. 200,-

LEDSAGER

Har du behov for følge eller assistanse på aktivitetar, kan du ta med deg ein person til Dyrsku’n. Du kjøper ordinær billett, anten på nett eller i porten, og viser fram ledsager-beviset. Då kjem følget ditt gratis inn.

GRUPPEBILLETTAR

Kjem du med ei gruppe på over 20 betalande personar? Send ein e-post til post@dyrskun.no så får du ei lenkje til billettkjøp for grupper. Sjå elles våre gruppetilbod her.

SKULEKLASSER

Årleg får Dyrsku’n besøk av utallige skuleklasser, som får fri inngang. Vil skulen din besøke Noregs viktigaste møteplass? Dyrsku’n har eigne arenaer og aktivitetstilbod innan landbruk, anlegg, husdyr, mat, husflid og kultur – dette kan du implementere i undervisninga, og finne både inspirasjon og ny kunnskap til framtidas vaksne.

Vi vil spesielt tilrå skulane å besøke:

  • Sterke Nils-tunet – opplev gardsdrift og handverk på gamalt vis.
  • Husdyrhallen med presentasjon av moderne og framtidsretta norsk landbruk.
  • Fjoset med utstilling av ku, geit og hest.
  • Husflidshallane med blant anna Noregs største premierte husflidstevling og dyktige handverkarar i salshallen.
  • Matlyst Dyrsku’n/Matkvartalet – utstillarar, aktivitetar og demonstrasjonar frå handplukka produsenter av norske kvalitetsprodukt.
  • Møt-Landbruket teltet – foredrags- og debatt arena.
  • Sjå også vår side om Bornas Dyrsku’n

Har du ynskje om å få vite meir om ein arena? Vi kan organisere orientering og omvising på enkelte arenaer, ta kontakt med oss ved spørsmål.

E-post: post@dyrskun.no

GUIDA TURAR

Dyrsku’n er ein spennande og fargerik marknad å besøke, med interesser for ein kvar smak
Vi har fleire guida turar på Dyrskuplassen med ulike tema. Sjå i billettoversikten kva vi kan tilby!

SUPPORT

Har du spørsmål eller treng du hjelp med billettkjøp? Ring oss på 35065770

 

VELKOMEN TIL DYRSKU’N