Frå geiteutstillinga på Dyrsku'n.

Geiteutstillinga på Dyrsku’n

Meld deg på geiteutstilling på Dyrsku’n i haust!

Påmelding sendast til Sigbjørn Haslemo, mobil 91619850 eller
e-post s-haslem@online.no.

Frist for påmelding til geiteutstillinga 26. juli.

Fredagen i Dyrsku’n er det klart for geiteutstilling i samarbeid med Tine. Vi har dei siste åra nærma oss endå meir ku-utstillinga i utstillingsform, i og med at vi berre dømmer etter poeng for kropp og bein, jur og spenar. Vi tek altså ikkje omsyn til avlsindeksen til dyret når vi finn Dyrsku’n si finaste geit.

Vi dømmer alle geitene likt etter eksteriør, så tek vi til slutt alle som held mål til 1. premie inn i ringen og finn den beste geita. I tillegg til dette set vi opp ei gåvepremie til den geita med høgast poengsum totalt – altså sum eksteriør og avlsindeks. Slik tek vi betre vare på avlsgeitene.

Når du melder på geit skal du også sende med stamtavle.

GEIT

  • Vel kategorien Dyrskudømming
  • Du kan melde på inntil fem dyr, og dei tre beste vil bli premierte

1. Gardsdømming / vandreutstilling

Dyrsku’n gjennomfører i 2026 eit prøveprosjekt i samarbeid med TINE og Norsk Sau og Geit, med gardsdømming av geitebesetningar i Valdres og Hallingdal.

Den beste geita frå kvar besetning blir vist på storskjerm under Dyrsku’n.

Premiar: Det blir delt ut éin 1. premie per bruk i sølv. Det er inga premiering utover dette.

2. Dyrskudømming

Geiter frå Vest-Telemark er velkomne til Dyrskuplassen fredag.

Premiar: Det blir delt ut sølv for 1. og 2. premie til dei tre beste dyra.

Dette får du dekt som deltakar i Dyrskudømming med ku eller geit

  • Transport av dyr via Nortura eller eigen transport.
  • Veterinærattest for dyr som skal stillast ut.
  • Avløysartilskot per bruk.
  • Vi oppmodar alle til å vere med i husdyroppoget under opninga av Dyrsku’n, for å vise fram fine folk og dyr.

Dette får alle som deltek på utstillinga

  • Middag torsdag kveld i TettPå arena med sosialt samvær, talar og gode møte med kollegaer.
  • Gode prisar på husdyrcamping.
  • To inngangsbillettar per dyr i Dyrskudømming / to inngangsbillettar per bruk i gardsdømming.
  • Gratis parkering på husdyrparkeringa.
  • Deltakarpremie: Dyrskukrus med årets motiv frå Porsgrund Porselen og diplom.

Kontakt Sigbjørn Haslemo, mobil 91619850 eller e-post s-haslem@online.no.

Generell informasjon om geiteutstillinga finner du her.

Åpne på egen side

Påmelding sendast til Sigbjørn Haslemo,
mobil 91619850 eller e-post s-haslem@online.no.

Frist for påmelding er 26. juli.

Generell informasjon om geiteutstillinga finner du her!

Åpne på egen side
Det har blitt en tradisjon å dele ut fleire prisar i samband med husdyrtevlingane på Dyrsku’n.

Dei største prisane er:

Seljordprisen (kvart år) – Seljord kommune
Dyrskuprisen (kvart år) – Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemark Landbruksselskap
Johan Lindeqvists Sølvkande for kvæavl (kvart 3. år) – Telemark Landbruksselskap
Hans Kleppens Vandrekrus (kvart år) – Telemark Landbruksselskap
Seljordprisen og Dyrskuprisen delast ut til beste ku, geit og hest

Landslaget for Telemarkfe delar ut

Dyrsku-bjølla (kvart år)
Gro og Hølje Brekkas vandrepremie (kvart år om verdige kandidatar)
Beste ungdyr (kvart år)

Her finn du informasjon om årets prisar.

Åpne på egen side

Fredagen i Dyrsku’n er det klart for geiteutstilling i samarbeid med Tine. Vi har dei siste åra nærma oss endå meir ku-utstillinga i utstillingsform, i og med at vi berre dømer etter poeng for kropp og bein og jur og spenar. Vi tek altså ikkje omsyn til avlsindeksen til dyret når vi finn Dyrsku’n si finaste geit.

Utstillingsreglar for geiteutstillinga på Dyrsku’n finn du her

Åpne på egen side