Konsertar på Vårmarknaden

Gjer deg klar for ei helg fylt med musikk, dans og god stemning på Dyrskuplassen i Seljord frå 29. til 31. mai!

19.05.2025

Vi har samla eit knippe fantastiske artistar som vil få deg til å svinge deg på dansegolvet:

  • Tommy Michaelsen – med si kraftfulle stemme og sterke scenetekke.
    Torsdag kl. 20.00 på Sheriffen.
  • Anne Nørdsti – dronninga av norsk danseband, klar til å setje fart på festen.
    Fredag kl. 20.00 på Sheriffen.
  • Rabalders – ein energisk duo som garantert løftar stemninga!
    Laurdag kl. 19.30 på Sheriffen.
  • Byting – lokale heltar med fengande bygderock og ekte speleglede.
    Laurdag kl. 21.30 i Storstogo.

I tillegg blir det bilutstilling, auksjon, dansekurs, over 150 utstillarar og mykje meir – alt du treng for ei minnerik marknadshelg.

Sjekk ut heile programmet og kjøp billettar her.

Collage konserter 2025