Fredag kveld kan du leggje Tinder på hylla og heller møte folk på gamlemåten – med eit smil, eit blikk og kanskje eit lite glimt i auget. I Tett på Liten legg vi til rette for ein kveld der praten kjem lett, og flørten endå lettare.
Her er det inga store ord eller høge skuldrer – berre ein hyggeleg, lågterskel måte å møte andre single bønder, bygdisar og byfolk på. Du får enkle oppgåver som gjer det lett å starte samtalen, og resten skjer heilt av seg sjølv.
Kanskje møtest de over felles lidenskap for hund, gamle traktorar eller lange søndagsfrukostar – eller kanskje berre fordi du likte latteren til den som stod ved sida av deg.
Har du ein singel ven eller nabo? Våg å vere wingman! Ta vedkommende med til Tett på Liten fredag kveld for mingling med meining – det er endå lettare om de er to.
Dato: fredag 12. september
Tid: 18:30
Påmelding: Skann qr-koden
Lat oss gjere fredagskvelden på Dyrsku’n til noko meir.