Bilde: Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og styreleder i Dyrsku’n Trude Flatland delte ut prisen.
Dyrskuprisen
Dyrskuprisen delast ut til beste kyr, beste hest eller beste geit.
Dyra blir vurdert av domarane som veljar seg ut det beste eksemplaret av den enkelte rasen og vinn ei sylvskei og diplom.
Prisen er ei gåve frå Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemarks Landbruksselskap. Prisen har vore delt ut sidan 1999.
Beste geit eksteriør – Dyrskuprisen 2025
Geit nr. 3022 Ragni frå Gunhild Breiland og Svein Olav Lien.
Omtale: Harmonisk geit med god overlinje, gode bein og eit svært godt festa jur.
Seljordprisen
Seljordprisen delast ut årleg til eit på førehand bestemt dyreslag.
Prisen er eit tresnitt av Terje Grøstad og blei innstifta av Seljord Kommune i 1969. Den gong dela dei ut prisen til det beste dyret uansett dyreslag. I 1999 vart det endra til at ein på førehand bestemte dyreslaget som var nominera. Dei tre dyreslaga det skulle vekslast om var ku, hest og geit.
Beste ku – Seljordprisen 2025
Ku nr 99 Edlin fra Timpelen Ku.
Omtale: Sterk og solid ku. Ekstrem dybde. Sterk overlinje. Står vanvittig godt på beina. Stort jur med solide fester. Sterkt midtband og meget bra speneplassering.

Bilde: Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og ordførar i Seljord Solveig Sundbø Abrahamsen delte ut prisen.