Tettare på maten

I eit ti gonger ti meter stort konferansetelt kjem du no bokstavleg talt tettare på maten. Arenaen er ny av året og byr på eit rikhaldig program for den matinteresserte.

02.09.2026
TettPå Maten foredrag

– Her i TettPå Maten blir det både kunnskapsformidling, paneldebatt og samtalar, og også nokre praktiske kurs og anna innhald som folk kan ta del i, seier André Trondsen, matansvarleg i Dyrsku’n.

Kunnskap og praktiske kurs

Arenaen har fått namnet TettPå Maten, og med fronten mot Dyrstugøto og inngang direkte frå Lokalmatteltet blir det nye konferanseteltet godt synleg for publikum. Om du finn deg sjølv på jakt etter litt meir innsikt i til dømes matberedskap, konservering og råvarer til matkultur, tradisjonar og framtidas matsystem, er vegen kort til nett det.

Målet er å formidle kunnskap på ein enkel, praktisk og engasjerande måte, og arenaen skal vere ein lågterskel møteplass for kunnskap, nysgjerrigheit og gode samtalar om mat. Her skal det vere noko for kvar ein Dyrsku’n-deltakar, forsikrar Trondsen.

Dyr på utsida

Han fortel at dei også vil ha nokre levande dyr utanfor Skulen, eit av dei faste bygga på Dyrskuplassen.

– Dyra heng jo i hop med annan matproduksjon, så her vil vi ha nokre smågrisar og høns, mellom anna, for å få den delen inn i heile konteksten her, seier han.

Garderobeløysing for lokalmat

Om du nokon gong har vore på Dyrsku’n og late vere å handle med deg lokalmat fordi du ikkje har ønskt å bere rundt på ting heile dagen, har Trondsen gode nyheiter til deg:

– Publikum ønskjer ikkje å bere med seg tunge varer eller mat som treng kjøl gjennom heile dagen. Difor lagar vi no ein slags kjølecontainer som vil fungere som ei slags garderobeløysing for lokalmat, fortel han.

Anten du vil kjøpe med deg norsk grasfôra kjøt, økologisk is laga på norsk mjølk eller lekre, lokale ostar som bør haldast kalde, kan du «parkere» kjøpa dine i containeren. Når du har traska ferdig for dagen, hentar du berre varene på veg heim.

Sjå program.