Kvalitet på produkta og mangfald i teknikkar innan husflid og handverk står sentralt når Dyrsku’n, saman med ei fagnemnd, vel kven som får plass i Hall A. Utstillarar som har dette som næring, nye utstillarar som ønskjer å gå frå hobby til næring, og yngre handverkarar i etableringsfasen, blir prioriterte.
Resultatet er at marknadsplassen inne i Hall A byr på høg kvalitet. Samstundes vil nokre av utstillarane vise fram korleis dei arbeider, slik at publikum får sjå korleis produkta blir til.