Når: Sundag 13. september kl. 14-15
Kvar: Dyrskun i Seljord. Arena: TettPå stor
Tuva Tovslid driv med veving på heiltid, og er opptatt av kunnskap og teknikkar som er i ferd med å bli gløymde. Ho driv einmannsføretaket Vidvandrer, og er busett i Skien.
Stipendet er på 40 000 kroner, og Tovslid vil bruke pengane til kompetanseheving. Ho ynskjer å lære seg å veve frie mønster med historiske teknikkar. Vevaren tar kurs med Åse Eriksen, kunnskapen ho får der vil ho formidle vidare i eigne kurs.
Det er Hilde Alice Vågslid som deler ut stipendet på Dyrsku’n sundag. Ho er leiar for Hovudutval for kultur, reiseliv og frivilligheit i Telemark fylkeskommune. – Det var ikkje så mange søkarar, men dei som søkte var gode, og spennet var stort. Det var søknader frå ni heilt ulike tradisjonsberarar. Vi gjekk inn for innstillinga frå fylkesdirektøren, der det blei lagt vekt på kompetanseheving innan eit handverk som få held i hevd, seier Vågslid.
Les meir om ordninga her: Stipend for tradisjonskunst og tradisjonshåndverk – Telemark
fylkeskommune.
Les meir om stipendvinnaren på nettsida hennar: VIDVANDRER HÅNDLAGD – Mindfully interwoven with natur.