Diplom for godt handverk
Norges Husflidslag deler kvart år ut diplom til handverkarar som utmerkar seg. Det vert lagt vekt på at produktet oppfyller minst to av følgjande kriteriar:
- Produktet skal vera ei vidareføring av norske handverks- og husflidstradisjonar.
- Kreativitet og nytenking skal lønast.
- Produktet skal vise fagkunnskap.
I årets tevling ynskjer Norges Husflidslag å rette merksemda mot to utøvarar som utmerkar seg med godt handverk.
Marianne Monrad for rekonstruert raudtrøyeklede i tre draktdelar
På grundig og leikent vis har Marianne Monrad rekonstruert tre draktdeler til raudtrøyeklede frå Aust-Telemark frå kring 1850. Monrad meistrar eit vidt spekter av teknikkar, tek mange kloke val og har eit skarpt blikk for detaljar som krevst i utføringa. Resultatet vert ei svært vakker drakt, som vil fargelegge vår samtid og framtid.

Marianne Monrad for rekonstruert raudtrøyeklede i tre draktdelar.
Bjarne Nielsen for vase i keramikk
Bjarne Nielsen imponerer med sin særeigne vase i keramikk, som består av ein tilfredsstillande kombinasjon av handdreiing og modellering. Verket er avansert i utføring og vitnar om ein keramikar med solid fagleg bakgrunn og rikhaldig erfaring innan handverket. Vasen begeistrar i heile sitt uttrykk i alt frå glasurval til komposisjon.

Bjarne Nielsen for vase i keramikk.
Stimuleringsprisen 2025
Elena Skokova for rekonstruert knipling frå 1700-talet.
Stimuleringsprisen vert delt ut til ein handverkar som utmerkar seg med særs godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid. Prisen er på kr. 5000,- og eit diplom gjeve av Dyrsku’n.
I år går prisen til ei som sidan 2023 har gått svært grundig til verks for å rekonstruere ein type knipling frå 1700-talet. Teknikken er såpass sjeldan at det ikkje finst eit etablert fagomgrep for det på norsk i dag. Den omfattande utforskingsprosessen har resultert i eit handverksmessig velutført kniplingsarbeid med gjennomtenkte materialval som antakeleg ligg tett opp mot originalverket. Kniplearbeidet med stråperler fascinerer, engasjerer og bles inspirerande liv i ein lenge sovande teknikk og uttrykk.
Dyrsku’n ser det som viktig å verdsette handverkarar som arbeider innanfor smale felt og å vise desse teknikkane for publikum. Vi heiar på Skokova og gler oss til å fylje ho framover.

Elena Skokova for rekonstruert knipling frå 1700-talet.