Girlpower på Dyrsku’n

Å syne fram hest på utstilling er ein 159 år gamal tradisjon i Noreg.

15.09.2018

Bilde: Trons Torila vert måla og vegd – og funne som verdig mottakar av Seljordprisen i 2018, i tillegg til Best in Show.

På Dyrsku’n tek mange turen for å syne fram dei beste kvalitetane ved hestane sine. Og på damenes dag er det er duka for hoppemønstring.

Det er ikkje kven som helst som denne morgonen får målt inn hesten sin. Det er ein av Noregs beste kvinnelege travtrenarar, Heidi Moen. Ho har med seg travaren Trons Torila på mønstring. «Me er debutantar her på Dyrsku’n» fortel den røynde trenaren.

Med i team Moen er og oppassar Tuva Lien. Ho fortel at denne hesten spring fort! «Persen er 1.23», seier Tuva. Ho er ei ekte hestejente frå Valdres som har vore med på mønstring før, men det er fyrste gong ho er på Dyrsku’n.

På mønstring denne dagen er og mor og born frå Skogheim stutteri. To vakre fjordhestar som har kome heile vegen frå Haugesund til Dyrsku’n for å syne seg fram. Mor Skogheims Tindra er roleg og røynd i dette gamet. Litt annleis er det med sonen Skogheims Guten. Han vart fødd den 16. mai i år og er debutant i mønstringssamanheng. Han byrjar å boble av både utålmodigheit og nyfikenheit. Det skjer mykje i kulissane ved eit slik høgtideleg høve. Men endeleg er det mor og son Skogheim som slepp inn i paddocken. No er det berre å overbevise dommarane… Og jo! Skogheims Tindra fekk ein god 2. plass av 1. kvalitet!