Dyreutstilling 2025
Dyrevelferden kjem alltid fyrst på Dyrsku’n og i samband med Blåtunge-viruset (les meir her), er det sett strenge føringar frå myndigheitene for transport og samling av drøvtyggarar.
For at vi skal kunne ivareta den viktige dyreutstillinga på Dyrsku’n, inviterer vi derfor i år til ei heilt ny utstillingsform som både tar i vare god dyrevelferd og sikrar brei geografisk deltaking, samstundes som publikum både kan lære om og oppleve desse fantastiske husdyra våre.
Sjølve husdyrutstillinga vil i år foregå som ei «vandreutstilling» der domarane reiser til dei ulike gardsbruka og dømer dyra på eige bruk. Publikum vil få sjå bilete og møte domerane som vanleg på Fjoset. Utviklinga av viruset er endå usikkert, men vi vil saman med Mattilsynet, Animalia og faglaga gjere vårt ytterste for at det også skal vere mange levande dyr representert på Dyrsku’n og på Fjoset.
Fredagen på Fjoset – dette skjer 12. september:
- Kyr på området, avhengig av kor tiltakssona går i september
Utvalde produsentar får moglegheit til å stille med kyr for publikum
Desse vert også inviterte til å delta i opningsopptoget kl. 16.00 - Storskjermvisning med bilde av premierte dyr, presentasjon av grunnlag premiegrad og premieutdeling
- Aktivitetar og servering i regi av Nome vgs avd. Søve og mjølkeprodusentar i Telemark – mellom anna gratis iskald mjølk frå dispenser og kalveleiing for born
- Kua har ein spesiell mage, som gjer at ho kan gjere gras om til mjølk. Kom og sjå korleis denne magen ser ut
- Visste du at kuene òg ligg på god madrass..? Kom til Fjoset på fredagen så får du prøve
- Geiteutstillinga går som tradisjonelt inne på Fjoset
Sjå programmet for detaljera oversikt på dei ulike aktivitetane som skjer på Fjoset gjennom heile Dyrskuhelga.
Påmelding til hesteutstillinga er 10. august. Storfe- og geiteutstillinga har påmeldingsfrist 23. august.
Ynskjer du å stille ut dyr på Dyrsku’n? Sjå her!

Hesteutstillinga på Dyrsku'n

Bli kjent med det rikhaldige programmet på Dyrsku'n
Spørsmål og svar for aktivitetar
Er det aktiviteter for heile familien på Dyrsku’n?
Dyrsku’n er ei oppleving for heile familien, og dyra er til glede for både vaksne og born.
På Dyrsku’n kan du velje og vrake i aktivitetar!
Les om dei ulike aktivitetane her.
Kor finn eg programmet for årets Dyrsku’n?
Det er atter duka for folkefest på Dyrskuplassen i Seljord når 800 utstillarar og over 90.000 besøkande er venta! Planlegg besøket ditt på førehand.