Frå geiteutstillinga på Dyrsku'n

Geiteutstillinga på Dyrsku’n

Meld deg på geiteutstilling og mønstring på Dyrsku’n i haust!

Fredagen i Dyrsku’n er det klart for geiteutstilling i samarbeid med Tine. Vi har dei siste åra nærma oss endå meir ku-utstillinga i utstillingsform, i og med at vi berre dømmer etter poeng for kropp og bein, jur og spenar. Vi tek altså ikkje omsyn til avlsindeksen til dyret når vi finn Dyrsku’n si finaste geit.

Vi dømmer alle geitene likt etter eksteriør, så tek vi til slutt alle som held mål til 1. premie inn i ringen og finn den beste geita. 1. og 2.premiegeitene mottek ei sylvskjei i premie. I tillegg til dette set vi opp ei gåvepremie til den geita med høgast poengsum totalt – altså sum eksteriør og avlsindeks. Slik tek vi betre vare på avlsgeitene.

Etter mal frå storfe, så har vi oppretta ei klasse for barn/ungdom. Vi har ingen aldersgrense i denne klassa, og kvar enkelt melder seg på med geit eller kje. Her tek vi ikkje omsyn til dyrets utsjånad, berre koordinering mellom mønstrar og dyr. Dei som deltek får premie og diplom, og vi vil i tillegg premiere ekstra dei 3 beste i denne klassa. Produsentlaget stiller med premie.

Når du melder på geit skal du også sende med stamtavle.

 

Påmelding geiteutstillinga på Dyrsku’n

 

Påmelding sendast til Gro Knutsen

mobil 913 76 416 eller e-post gro.knutsen@tine.no

 

Finn utstillingsreglar for geiteutstillinga på Dyrsku’n.

 

Frist for påmelding til geiteutstillinga på Dyrsku’n er 20. august 2023.