– På Skogtunet har vi ei rekke morosame aktivitetar for barn og unge, og både familiar og andre er særs velkomne til å ta turen innom oss, seier Vegar Hvamb, koordinator på Skogtunet.
Til dagleg jobbar han som skog- og informasjonsleiar i Skogselskapet i Buskerud og Telemark, og no fortel han at mykje blir det same som i fjor på plassen.
Kaffi og quiz
– Vi har ein skogquiz der du må gå ein liten runde på Skogtunet, kanskje prate litt med nokon av oss som står der på stand og leite etter svar. Dette var ekstremt populært i fjor, ikkje minst fordi hovudpremien er ei proff ryddesag til ein verdi av om lag 15.000 kroner.
Dei vaksne vil nok sette pris på ein plass å sette seg ned med ein god kopp bålkaffi, kanskje mens ungane spikkar, går naturstien i Barneskogen eller prøvesit den store hogstmaskina. Dei litt eldre barna kan teste skogsmaskin-simulatoren.
Skrikande behov for yngre krefter
– Både heile skogbruket og Dyrsku’n jobbar mykje med å få opp rekrutteringa til skogbruket. Vi har eit skrikande behov for yngre krefter som kan utføre praktiske oppgåver i skogen, og òg til administrative jobbar. Det er stor aktivitet i skogen for tida, og vi kan nærmast garantere jobb til dei som vil prøve seg, seier Hvamb.
Han fortel at Skogselskapet og heile skognæringa står saman om prosjektet JOB:U (Jobb for ungdom»), eit tilbod for ungdom mellom 16 og 25 år. Målet er å få dei ut i sommarjobb – og å gje dei ein smak av arbeidet i skogen.
200 ungdommar i arbeid i skogen
I år var fjerde sommaren med full aktivitet, og over 200 ungdommar i heile landet har drive med ungskogpleie i minst tre veker. For å kunne gjennomføre arbeidet på ein sikker måte får alle ungdommane naudsynt kursing på førehand, og dei får tett oppfølging undervegs. Når arbeidsperioden er over, får dei kursbevis, i tillegg til erfaringa og kontaktane i skogbruket.
– Anten dei veit at dei vil arbeide i skogen eller berre er nysgjerrige – eller rett og slett treng ein sommarjobb, er dette ein måte for oss å få yngre krefter inn i skogbruket. Prosjektet er allereie ein stor suksess, og det er noko vi kjem til å fortsette med, seier Hvamb.
Han og kollegaene blir å finne på Skogtunet for alle som vil høyre meir om skogbruk, JOB:U eller rekruttering til skogsarbeid.
AKTIVITETAR FOR STORE OG SMÅ PÅ SKOGTUNET
Lær om skog og skogbruk, skogsmaskinsimulator, spikking, natursti i Barneskogen, naturquiz, Skogens Brannvokter, skogquiz, prøvesitt ein hogstmaskin, og minilassbærar, servering av bålkaffi.
Tid: 09:00–20:00
BRUK OG STELL AV MOTORSAG
Minikurs
Tid: fredag og laurdag 11:00–12:00, 14:00–15:00, sundag 11:00–12:00