Prøv Melkerobot-spelet, der du styrer alt kua treng for å lage mest mogleg mjølk – mat, vatn og stimuli.
Du kan òg vere med på Matvalet, ei oppleving der vi smakar på smarte og berekraftige matvarer, utforskar korleis maten vår påverkar framtida, og utviklar eigne matkonsept. Til slutt stemmer vi fram det beste matvalet!
I Insektsbingo lærer du korleis små insekt gjer stor forskjell i matproduksjon. Vi testar skadedyr og nyttedyr, ser på naturens samspel og finn ut om insekta kan vere ein del av ei meir berekraftig verd.
Vitenparken kjem frå Ås, der dei jobbar med å formidle kunnskap om mat, miljø og forsking på ein engasjerande måte. Saman med Dyrsku’n vil dei inspirere både store og små til å ta kloke matval for framtida. Dette er ein viktig del av satsinga på kunnskap og berekraft i landbruket – midt i hjarta av folkefesten i Seljord.
Ta turen innom – her blir du både klokare og meir nysgjerrig på framtidas mat!