Vandreutstilling i Telemark

10.-11. mai hadde Tine Rådgiving ansvar for ein vandreutstilling i Vest-Telemark, der Gro Knutsen og Njål Vestøl reiste rundt og bedømte kyr.

 

19.05.2022
Vandreutstilling Dyrsku'n 2022

Til saman var det 11 besetningar med totalt 44 dyr påmeldt til vandreutstillinga, med premieutdeling på Åmotsdal Grendehus.

Utstillinga er eit prosjektsamarbeid mellom Dyrsku’n og Tine Rådgiving, der målet er å rekruttere fleire påmeldte dyr til den tradisjonsrike Husdyrutstillinga fredagen i Dyrsku’n. Deltakarane var positive til «missekåringa», kanskje vi ser dei på årets Dyrsku?

Det vart dela ut 4 premier til deltakarane i Vest-Telemark:

  • Beste 1. kalvar: Ku nr. 477 Rølin hos Knut Draugedal, Rauland
    • Avlsverdi 14, 8,5 for kropp og bein og 4,5 for jur og spenar. Totalt 27 poeng
    • Far 11953 Husby og morfar 11573 Aakvik
  • Beste eldre ku: Ku nr. 466 Fagerbot hos Knut Draugedal, Rauland
    • Avlsverdi 23, 9,0 for kropp og bein og 4,5 for jur og spenar. Totalt 36,5 poeng
    • Far 11856 Flittie og morfar 11147 Enger
  • Beste jur: Ku nr. 345 Maiken hos Olav Gunleik Mostaul og Turid Opsund, Høydalsmo
    • Avlsverdi 12, 8,0 for kropp og bein og 4,5 for jur og spenar. Totalt 24,5 poeng
    • Far 11881 Pollestad og morfar 10432 Velsvik
  • Beste poengku: Ku nr. 268 Gorosa hos Gunnar Haugo og Yvonne Minde, Arabygdi
    • Avlsverdi 29, 7,5 for kropp og bein og 4,0 for jur og spenar. Totalt 40,5 poeng
    • Far 11876 Alm og morfar 11033 Reitan 2

Det vart dela ut gåvepremie til ku nr. 145 Komma hos Knut Draugedal på Rauland. Ho har avlsverdig på 3, og fekk 7,5 poeng for kropp og bein, og 3,5 poeng for jur og spenar. Dette er ei ku som er fødd 17. desember 2011 og har fått 9 kalvar. På desse åra har ho produsert 88.503 kg mjølk! Om ho får 1 kalv til, vil ho mest sannsynleg produsere over 100.000  kg mjølk som livstidsproduksjon. I løpet av desse åra har ho kun hatt ei veterinærbehandling – i 2017! Far er 10565 Garvik og morfar 10108 Nøttestad.

 

Meld deg på dyreutstillingane på Dyrsku’n