Gull frå grøne skoger

På årets særutstilling, «Gull frå grøne skogar», sett Dyrsku’n i år fokus på tre som eit berekraftig og miljøvennleg materiale.

01.08.2019

Dette støttar opp om Norges Husflidslag si fireårige satsing «Holdbart», der målet er å formidle at «Husflid er bærekraft». (Westvang, 2019)

Særutstillar er Mari Fallet Mosand, som mellom anna driv den suksessfulle bedrifta «Krokvokst» i Bø i Telemark. Mari er oppteken av berekraftig materialbruk og lokalproduserte bruksgjenstandar. Ho utviser ei stor skapar- og formidlingsglede og ein stor kjærleik til treet og skogen.

Som ho sjølv seier:
«Før spikka og formgav alle, av lyst og av kvardagsleg nødvendigheit. Alt vart til i eiga hand, også av den enkle grunnen at det var galskap å kjøpe noko ein like gjerne kunne lage sjølv. I dag har sløyd fått eit nytt innhald. Å skape ved hjelp av øks, kniv, og ferskt tre, i staden for å kjøpe nytt, er som ein måte å vise motstand. Det er for meg ein måte å vere personleg og krokete, når så mykje anna er straumlinjeforma og masseprodusert». (Mosand, Bærekraftig materialbruk, 2016)

Mari nyttar aller helst rått tre, altså ferskt virke, rett frå skogen. Ho er med på heile prosessen, frå skog til ferdig produkt, og har eit uttalt fokus på berekraft og miljø:
«Eg vil skape miljøvenlege, unike, og lokalt forankra produkt, med lenker både bakover i tida, og inn i framtida. Tre er eit fornybart naturmateriale, og eg hentar dette i nærmiljøet der eg bur. Produkta går an å reparere, bruke dei på nytt eller å resirkulere. Om det som blir laga i dag i større grad blir laga av tre, enn for eksempel av plast eller metall, kan nye tre plantast, som vil ta opp meir Co2, samtidig som utslepp frå den ekstreme plasttilverkinga vert minska». (Mosand, Bærekraftig materialbruk, 2016)

Mari er allsidig, og arbeider med mange ulike teknikkar som neverfletting, neversveip, spikking, krymping, måling, og meir. Ho lagar små og store bruksgjenstandar, ho lagar korger, stolar, krakkar, trau og bildar – alt trygt rota i tradisjonshandverket, men med hennar heilt eige form- og fargeuttrykk. Mange av arbeida til Mari bevegar seg dermed i grenseland mellom handverk, kunst og kunsthandverk.

GJESTEUTSTILLARAR

Som ei komplettering til særutstillinga, syner årets tre gjesteutstillarar arbeid knytt opp mot oppbevaring og/eller emballering av mat og anna.

Anne Kristine Mjelva driv Galleri Smalgangen i Åsgårdstrand saman med dotter si, Ingrid Kristine Lund, og syner keramiske arbeid som smørkoppar, olivenkrukker, rakuarbeid, m.m.

Du kan sjå arbeida til Anne Kristine Mjelva her.

Jutulskinn held til i Jotunheimen, og syner oppbevaringsgjenstandar og vesker i boergeit-skinn, samt veske og kaffe- og matposar i skinn. Alle produkta er 100% naturlege og nedbrytbare.

Les meir om arbeida til Jutulskinn her.

Inger Marit Bjordam Dalen held til i Gjerstad, og er mangeårig deltakar i tevlinga med dei nydelege arbeida sine i never. Ho hentar alle materiala sine i skogen sjølv, og held ein skyhøg kvalitet på arbeidet sitt. Som gjesteutstillar syner ho fram neverarbeid knytt opp mot oppbevaring av mat.

Foto: Mari Fallet Mosand

Kjelder:
Mosand, M. F. (2016, februar 28). Bærekraftig materialbruk. Henta frå Krokvokst: https://krokvokst.com/2016/02/28/mari-fallet-mosand-2/ 
Mosand, M. F. (2016, februar 29). Velkommen til sløydbloggen! Henta frå Krokvokst: https://krokvokst.com/2016/02/29/velkommen-til-sloydbloggen/
Westvang, S. (2019, mars 15). Holdbart – Husflid er bærekraft! Henta frå Norges Husflidslag: http://www.husflid.no/fagsider/holdbart/husflid_er_baerekraft