200 år sidan Leiv Sandsdalen

Årets spel heidrar spelemann og sogeskrivar.

28.08.2025
Spel om Leiv Sandsdalen

Årets spelstykke under Dyrsku’n tek oss med attende til 1800-talet og livet til dei to brørne Leiv og Olav Sandsdalen frå Seljord. Det er i år 200 år sidan storspelemannen Leiv Sandsdalen blei fødd, og dette markerer me med ei heilt spesiell framsyning.

Leiv var ikkje berre kjend for felespelet – han blei eit musikalsk førebilete som sette djupe spor etter seg i folkemusikktradisjonen. I spelet får vi møte han gjennom ingen ringare enn Knut Buen, sjølv ein av dei fremste folkemusikarane i landet.

Med på scena er også Ragnar Haugstøl, som tolkar den fargerike broren Olav, mest kjend som Lugar-Olav. Haugstøl er sjølv ein framifrå sogeforteljar og lokalhistorikar, og gir liv til dei artige og tankevekkjande forteljingane som Olav etterlet seg.

Framsyninga byr på både musikk, humor, soger og sterke scener frå ei tid då tradisjonar og forteljarkunst gjekk hand i hand.

Her kan du sjå programmet for Dyrsku’n.