Dyrsku'n er ein stor og synleg arena for anleggsbransjen.

Landbruk og anlegg på Dyrsku’n

Store samvirkeorganisasjonar og nasjonale aktørar held årleg av helga når Dyrsku’n går av stabelen, dei ser arrangementet som ein viktig, nasjonal arena for kunnskapsformidling, innovasjon og som ein særs viktig møteplass med forbrukarane og kundane sine.

På Dyrsku’n er etablera firma og entreprenørar godt representert, saman med innovative og nyoppstarta leverandørar. Saman kan dei levere i full breidde på produkt du treng både i den profesjonelle drifta og kvardagen din.

I tillegg kan du møte lag og organisasjonar som er knytt til bransjen, og få ein hyggeleg prat med fagkyndige og engasjera tilsette.

Maskin og anlegg blir meir og meir viktig for norske bønder, noko som har blitt godt synleg på Dyrsku’n. Anleggsområdet har vokse i rekordfart, og er det største området på Dyrskuplassen. Lokale og tilreisande entreprenørar kjem for å halde seg oppdatera på siste produktutvikling og gjere årets siste (og beste) innkjøp til firmaet sitt.

Bli betre kjent med utstillarane våre her.

Dyrsku'n, Noregs største handels-, mat- og landbruksmesse

Rå kraft møter smart teknologi

På Dyrsku’n får du oppleve det nyaste innan anlegg – frå imponerande anleggsmaskinar og tungt utstyr frå dei største aktørane i Noreg, til smarte og spesialiserte løysingar frå dyktige nisjeleverandørar.

Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Arenaoversikt

Bli betre kjent på Dyrskuplassen, og kva for område du finn utstillarane du er interessera i.

collage Tett på landbruket

TettPå Landbruket

Under paraplyen TettPå landbruket skal både innvigde og uinnvigde få betre kjennskap til landbruket gjennom debattar, faglege foredrag, informasjon og demonstrasjonar.

Handle trygg, norsk lokalmat på Dyrsku'n

Utstillarar

Dyrsku’n har eit breitt og spennande tilbod frå mange produktgrupper. Her kan du bli betre kjent med våre utstillarar på Dyrsku'n. Finn fram på Dyrskuplassen – kvar utstillar er presentert med plassering på kart, slik at du enkelt kan finne fram. Sjå oversikta over utstillarar.