Thai Tanic og Spang Junior er årets æresgjester på Dyrsku’n

Dyrsku’n og Det Norske Travselskap kan stolt presentere supertravaren Thai Tanic og jubileumsføllet Spang Junior som årets æresgjester.

03.09.2025
Thai Tanic

Thai Tanic – elitetravaren

Fødd i år 2000, med superstjerna Viking Kronos som far og dyktige Sweetpike som mor, innfridde Thai Tanic tidleg dei store forventningane til han. Som unghest dominerte han årgangen sin fullstendig og sikra seg sigrar i mellom anna Norsk Travkriterium, Norsk Travderby, Prinsesse Märthas Pokalløp og Jarlsberg Grand Prix. Som seksåring tok han steget opp i den internasjonale eliten, med triumfar i Olympiatravet på Åby Travbane og Jubileumspokalen på Solvalla i Stockholm. Ikkje minst hans imponerande andreplass i sjølvaste Elitloppet – der han sette sin rekord på 1.09,9 – var ei prestasjon heilt i verdstoppen. På 71 startar vart det heile 31 sigrar og nesten 8,5 millionar kroner innkøyrt.

Etter løpskarrieren vart Thai Tanic avlshingst og far til fleire gode hestar, mellom andre Madelen L.T.C., som vart både derbyvinnar og norgesmeister. I dag lever Thai Tanic eit godt pensjonistliv hos Laila Thue Syvertsen i Lågendalen. Under Dyrsku’n får publikum høve til å møte den firbeinte stjerna på 25 år på nært hald.

Spang Junior – jubileumsføllet som sjarmerer alle

I år feirar Det Norske Travselskap 150-årsjubileum, og ein av markeringane er utnemninga av eit eige jubileumsføll. Spang Junior vart fødd i februar på Spangberg Gard på Stange, med sjølvaste elitehoppa Tangen Støva som mor – og er dermed veslebror til milliontravaren Tangen Bork.

Junior har alt rukke å bli eit samlingspunkt der han opptrer, med sin nysgjerrige sjarm og rolige vesen. Han er «alle bornas føll» og deler glimt frå oppveksten på Facebook, Instagram og TikTok, slik at publikum kan følgje han gjennom heile jubileumsåret. Kanskje gøymer det seg ein framtidig stjernetravar i denne unge sjarmøren.

Møt dei inne på Fjoset laurdag 13. september

Under Dyrsku’n vil både Thai Tanic og Spang Junior vere å finne inne på Fjoset, der publikum kan helse på, ta bilete saman med hestane og lære meir om travsporten.
– Vi set stor pris på å kunne presentere desse to flotte representantane for travsporten på Dyrsku’n. Thai Tanic minner oss om nokre av sportens største augeblikk, medan Spang Junior gir eit lite glimt av framtida, seier organisasjonssjef i Det Norske Travselskap, Marius Lundstein.
– Og for den som aldri har køyrt ein travhest før, rår vi til å ta turen innom standen til DNT på Fjoset. Der finn du den populære travsimulatoren Monte Pynton, som tek med alle som vil på ein morosam køyretur, seier Lundstein.

Mounted Games og kåringar

Laurdag frå kl. 13.00 blir det fart og spenning med Mounted Games – ein publikumsfavoritt for både små og store. Frå kl. 15.00 blir det premiering og kåring av dagens hest, samt beste kaldblodshest.
På sundag er det kåring av beste unghest.
Hesteutstillinga Dyrsku’n vert gjennomført i samarbeid med DNT, Telemark Travforbund, Telemark Hesteeierforening og Norsk Hestesenter.

Det Norske Travselskap 150 år – Noregs eldste organiserte sportsgrein

Det Norske Travselskap (DNT) er ein frivillig medlemsorganisasjon. DNT er organisert gjennom 10 travforbund og 156 lokalforeiningar. Organisasjonen er landsdekkjande og har i dag om lag 10 000 medlemmar spreidde frå Pasvik i nord til Lindesnes i sør. Hesten spelar ei stor rolle for menneske i alle aldrar, og gjennom ponnitravet får born og unge eit meiningsfylt fritidstilbod.

Eit historisk tilbakeblikk

Travsporten er landets eldste organiserte sportsgrein. I år feirar DNT 150-årsjubileum, men kappkøyring med hest i Noreg har røter tilbake til siste halvdel av 1700-talet. Den første organiserte travkøyringa vi kjenner til, med løpsinnbyding og nedteikna resultat, fann stad på sjøisen i Bjørvika nedanfor Akershus festning i 1832. «Selskapet for Kapkøyring i Trav» vart stifta i 1875. Den tidlege konkurranseforma i travsporten var ganske annleis enn i dag. Ein konkurrerte på rettstrekker som målte rundt 600 meter – først med éin hest om gongen, men etter kvart med to hestar i kvart heat, der vinnaren avanserte
til neste runde.

Hesten sin verdi

I dag gir ein travhest i trening ei verdiskaping for samfunnet – den gir arbeid til trenarar, stalltilsette, hovslagarar, veterinærar, fôrleverandørar, utstyrsleverandørar, transportørar og andre.
Men hestehaldet har òg ei anna viktig tyding: kontakten mellom mennesket og det store dyret, meistringskjensla for born og ungdom som får arbeide med hesten, og dei helsefremjande effektane hesten har på menneske, kan ikkje målast i kroner og øre. Ikkje minst er hesten ein kulturbærar, som bidreg til å knyte fortid saman med notid. Det Norske Travselskap har som mål å ta vare på og formidle denne kulturen også i åra som kjem.

TRAVSPORTEN – NOREGS ELDSTE ORGANISERTE

Frå skipinga i 1875 har Det Norske Travselskap (DNT) utvikla seg til ein landsdekkjande organisasjon som samlar heste- og travinteresserte menneske over heile landet.
Travsporten har gjennom generasjonar skapt engasjement, spenning og fellesskap med hesten i fokus. DNT er ein frivillig medlemsorganisasjon som i dag tel om lag 10 000 medlemmar, fordelt på 10 travforbund og 156 lokalforeiningar. Frå Pasvik i nord
til Lindesnes i sør har travsporten samla entusiastar på tvers av generasjonar og landsdelar.
Organisasjonen forvaltar og utviklar travsporten gjennom 10 faste travbaner, samt over 100 lokale baner og treningsanlegg som blir haldne i drift takka vere frivillig innsats. I tillegg til sjølve sporten er DNT ansvarleg for stambokføring og utvikling av dei to travhesterasane i Noreg – kaldblodstravaren og varmblodstravaren. Barn og unge har òg ein viktig plass i travsporten, og ponnitravet gir dei ei meiningsfull inngang til hesten og sporten.