Dyrsku’n Ung hadde sitt fyrste møte i Seljord i august. Frå venstre: Sondre Taraldlien Hopland (24) frå Fyresdal; Siri Sjørholt (24) frå Skotfoss, Skien; Maria Skretting (25) frå Jæren; Sigrid Midtbø (18) frå Bø i Midt-Telemark, Bjønn Lønnestad (22) frå Seljord.
Unge tankar om framtida
Den nyoppretta arbeidsgruppa består av fem engasjerte ungdommar, alle mellom 18 og 28 år, med ulike bakgrunnar og utdanningar.
– Det er eit kjempespennande prosjekt, og vi er veldig nøgd med gruppa vi har sett saman. Nokre er nett ferdig på vidaregåande, nokre er studentar, og vi har fått eit fint mangfald, akkurat som vi søkte etter, fortel Marit Mæland, prosjektleiar i Dyrsku’n.
Etter eit oppstartsmøte i Seljord i august, skal gruppa bruke den andre helga i september til å sjå, oppleve, tenkje og erfare så mykje dei kan om årets messe.
– Ungdommane skal bruke erfaringane sine frå i år og skrive ein rapport, kor dei vil greie ut om korleis dei meiner Dyrsku’n skal sjå ut i framtida, seier ho.
I fyrste omgang skal rapporten bli tatt med inn i arbeidet med neste års messe, men gruppa blir òg oppmoda til å sjå lenger fram. For sjølv med ei 160 år lang historie, er det i framtida moglegheitene ligg.