Dyrsku’n er Noregs største handels- og landbruksmesse, med om lag 90 000 besøkande årleg, og med eit stort fokus på husflid, handverk og design gjennom aktivitetar, marknad og utstilling.
Heiderspris innan redesign og gjenbruk – nominer kandidatar
Kvart år deler Dyrsku’n ut ein nasjonal heiderspris i samband med ei årleg særutstilling som varierer i tema frå år til år. I 2026 er temaet: reparasjon, gjenbruk, upcycling og redesign. Heidersprisen er ein moglegheit til å synleggjere innsatsen til viktige personar eller lag som har vore tydingsfulle på feltet.
Kven kan verte nominerte?
Heidersprisen går til personar eller lag som, innanfor årets tema på husflidsutstillinga, har utmerkt seg særskilt ved å lyfte fram temaet eller handverket gjennom si formidling og sitt engasjement.
Prisen vert delt ut under pris- og premieutdelinga for husflid, handverk og design på Dyrsku’n.
Send nominasjon til husflidsutstilling@vtm.no innan 1. juni, og inkluder:
- informasjon om kandidaten
- relevant bakgrunn og erfaring innan feltet
- grunngjeving for kva personen eller laget har betydd for feltet
- kven du/de som nominerer er, og kva bakgrunn og erfaring de har innan fagfeltet
- legg gjerne ved eit bilete av kandidaten, samt bilete som kan dokumentere arbeidet om du kan
- ta kontakt via denne e-postadressa dersom de har spørsmål om nomineringa.
Her kan du lese meir om husflid og handverk på Dyrsku’n, og sjå liste over tidlegare mottakarar av heidersprisen:
Husflidsutstillinga på dyrskun
Venleg helsing
oss i Dyrsku’n AS