Noregsmeister er æresgjest!

Hest er best, ifølgje munnhellet, og for nokon er det verkeleg lett å sjå at desse firbeinte favorittane gjev livet noko ekstra. På Dyrsku’n kan du sjå både den beste kaldblodshoppa i landet og den vakre og anvendelege fjordingen.

26.08.2026
Voje Lotta med brørne Jan Kristian (frå venstre), Harald og Knut Jarle Øverdal. Foto: Morten Skifjeld

Brørne Knut Jarle, Harald og Jan Kristian Øverdal frå Drangedal har drive med hest sidan dei var ungar. No er dei godt vaksne, men held framleis på, og er mest kjende under namnet Team Øverdal. Dei kjem til Dyrsku’n for å vise fram og fortelje meir om oppdrettet sitt av Voje-hestar.

– Hest er i utgangspunktet ein hobby, men ein veldig stor hobby, nærare ein livsstil, så mykje av fritida dreier seg om det og om travsporten, seier yngstebroren, Jan Kristian.

Det var far deira som kjøpte den fyrste hoppa i 1977. Ho viste seg å vere ei gullinvestering, og det «balla fort på seg», som Øverdal seier. Sidan den gongen har dei ala opp og trena generasjon etter generasjon av kaldblods travhestar, alle med same stammor.

– Då far vår gjekk bort i 2008, heldt vi brørne fram med det same systemet og vidareførte det han starta.

Øverdal meiner dei har vore heldige med mange fine og gode hestar gjennom åra. Det å sjå at avkomma utviklar seg og blir betre og betre for kvar generasjon, gjev mykje motivasjon.

– Dei siste sesongane har vi hatt veldig gode resultat på travbana, og det er artig med den anerkjenninga for både oppdrett og trening.

Æresgjest og fersk noregsmeister

Ein av hestane som har stått for nokre av desse gode resultata, er Voje Lotta. Ho er Noregs desidert beste kaldblodshoppe og ein av dei beste kaldblodshestane i landet. I sommar vart den seks år gamle kaldblodshoppa noregsmeister, og no i haust kjem ho til Dyrsku’n som æresgjest.

– Voje Lotta er eit unikum, og har vore kanskje den beste kaldblodshoppa no i to–tre år. Det er uvanleg å vere så god som ho er så tidleg. Ho er framleis ung òg, så om alt går rett, har ho mange gode år igjen på travbana, seier Øverdal.

Han har inga klar forklaring på kva som har gjort at akkurat ho har blitt så god, men mykje må ha klaffa med både avl og trening.

– Nokre gonger kjem slike unike talent. Vi har ikkje gjort noko spesielt med ho som vi ikkje òg gjer med dei andre, men vi såg tidleg at ho var eit særskilt talent.

Han fortel at ho var god allereie som treåring, og då ho året etter vann hoppederbyet mot den svenske førehandsfavoritten, sette ho òg noregsrekord. Den står framleis!

I tillegg til Voje Lotta tek Team Øverdal med seg nokre av slekta hennar, slik at dei kan vise fram både den ferske noregsmeistaren og fleire yngre hestar frå same stamma.

Bli kjend med fjordhesten

Langedrag Naturpark i Tunhovd er bygd på filosofien om at naturen er vår beste læremeister. På garden har dei over 500 dyr fordelte på 25 ulike artar, som dei besøkande kan få kome tett på. Ein av dei er fjordhesten, Noregs nasjonalhest, som dei har om lag 40 av.

No tek dyreansvarleg Marie Thorson Natten, som også er påtroppande dagleg leiar i Langedrag, med seg seks hestar og eitt føl til Dyrsku’n.

– Vi skal ha ein stand i lag med Norges Fjordhestlag og Barnas Fjordhestlag. Her blir det mogleg å kose og klappe på hest. Og om det er plass, vil vi sjå om vi kan få til at ungane får teste mønstring av hest, sidan dette også er ei utstilling, seier ho.

Marie Thorson Natten frå Langedragkjem til Dyrsku’n med nokre av sine fjordhestar.

Marie Thorson Natten frå Langedrag kjem til Dyrsku’n med nokre av sine fjordhestar.

Allsidig hesterase

– Fjordhesten er ein fantastisk allsidig og fin hesterase. Han er godt eigna og trena til det meste ein hest kan brukast til. Våre hestar er utdanna i alt frå å køyre tømmer i skogen og slåmaskin på garden til å drive med dressur og sprang.

Thorson Natten trekk òg fram at fjordhesten er snill og grei. Rasen er dessutan relativt enkel å handtere, anten han går med turistar eller arbeider på rideskule – med både ferske og erfarne ryttarar.

Ein levande stand

Sjølv har ho vore på Dyrsku’n med Norges Fjordhestlag fleire gonger, men dette er fyrste gongen Langedrag har eigen stand.

– Eg trur absolutt at vi kan bli ein fin attraksjon og ein aktiv og levande stand, der barn og unge får møte oss og bli betre kjende med både fjordhesten og barna vi har med oss, seier ho.

På laurdag og sundag blir det dessutan show der lokale barn og unge som går på ridekurs på Langedrag, viser fram både voltige – altså akrobatikk utført på hesteryggen til musikk – og hopping. I tillegg viser dei naturlegvis fram sjølve fjordhesten.

– Vi håpar også å få til at dei som melder seg inn i Barnas Fjordhestlag under Dyrsku’n, kan få vere med, anten under showet eller under ei premieutdeling, seier Thorson Natten, men peiker på at detaljane her ikkje er heilt klare enno.

PROGRAM FJOSET

LAURDAG:

  • Kl. 09.00–20.00: Travsimulator (Vekthytta)
  • Kl. 09.00: Døming av hest
  • Kl. 12.30: Framvising av æresgjest Voje Lotta
  • Kl. 12.45: Hesteoppvisning: Mounted Games
  • Kl. 13.30: Langedrag viser voltige
  • Kl. 14.15: Framvising av Voje oppdrett ved Team Øverdal
  • Kl. 15.00: Premiering og kåring av dagens beste hest

SUNDAG:

  • Kl. 09.00–17.00: Travsimulator (Vekthytta)
  • Kl. 09.00: Døming av unghest
  • Kl. 12.30: Framvising av Voje oppdrett ved Team Øverdal
  • Kl. 13.30: Premiering og kåring av dagens beste hest

Sjå program for Dyrsku’n