– Hovudmålet er å kople folk tettare til maten, rett og slett. Vi ønskjer å vise i både handling og praksis kor maten kjem frå, slik at dei som kjem til Dyrsku’n, merkar det med alle sansane sine, seier André Trondsen, som er ny som matansvarleg i Dyrsku’n i år.
Ureist mat for alle sansane
Anten maten du et kjem frå plante- eller dyreriket, skal du som publikum kunne sjå, lukte, smake, kjenne og, i nokre tilfelle, høyre korleis han blir til. For å få til noko slikt held det ikkje berre med plakatar, her må det både plantar og dyr, jord og møkk til.
Ei nyvinning for året er Dyrketunet – eit tun fullt av over 60 plantekassar på om lag ein kubikk kvar, der dei gjennom våren og sommaren har sådd frø og dyrka opp 50–60 ulike sortar urter, grønsaker, etelege blomar og fleirårige plantar.
– Alt er sjølvsagt tima slik at det skal vere tilgjengeleg og mogleg for publikum å sjå under Dyrsku’n. Mykje av det skal òg nyttast på lokalmatkjøkkenet som vi skal ha i Lokalmatteltet.
Veks i jorda, ikkje på ei busk
Sjølv om Trondsen medgjev at dette ikkje viser korleis storskala grønsaksproduksjon går føre seg i røynda, er poenget no meir å vise det heilt grunnleggjande om kvar maten vi et, faktisk kjem frå.
– Vi vil vise tydeleg fram for både barn, publikum og andre at gulrøter veks nede i jorda, ikkje på ein busk. Dette er ein start, og noko vi skal byggje vidare på i åra som kjem, seier han.
For å synleggjere planteproduksjon endå meir kjem det opp ein dyrkingstunnel i tillegg til frilandsdyrkinga i dei nemnde kassane. Inne i den åtte gonger 15 meter store tunnelen blir det no dyrka ei rekkje vekstar som krev høgare temperaturar enn det Seljord vanlegvis kan by på i sommarhalvåret: tomat, agurk, paprika og chili, til dømes.
– Her blir det Geitmyra Matkultursenter frå Tønsberg som har fått ansvaret for aktivitetar og formidling, og med både tunnelen og kassane på utsida får dei verkeleg høve til å formidle bodskapen sin om korleis vi får maten frå jord til bord, seier Trondsen.
Større mangfald enn i matbutikken
Han er oppteken av å vise fram mangfaldet i produksjonen av frukt, grønsaker og urter, og førebuingane starta allereie i vintermånadene, med såing av mellom anna 30 ulike sortar tomatar.
– Eg gler meg til publikum får sjå kor mykje meir variasjon det finst enn det vi ser i daglegvarebutikken til vanleg, at det finst ulike typar tomatar, ulike typar blomkål og så vidare.
Før sommaren planta han ut bøner, graskar, jordbær og rabarbra, for å nemne noko. For ikkje å gløyme favoritten til mange ungar – vassmelon, som veks seg stor inne i dyrkingstunnelen om alt går som det skal.
Trondsen fortel til slutt at det vil bli eit eige område med barbord og -stolar, der publikum kan setje seg ned og ta seg ein matbit. Her vil det òg vere mogleg å sjå på frukttre av ulike slag og lese meir om mellom anna plommer, morellar og eple.
– Og så får vi eit utsal av frukt, grønsaker og blomar rett ved sidan av dyrkekassane.
Dyrketunet
- 60 plantekassar på 1 x 1 meter og ein dyrkingstunnel på 8 x 15 meter fulle av grønsaker, frukt, urter, etelege blomar og andre vekstar som kan etast.
- Dyrkekassane er forma som eit stort 160-tal, for å markere jubileet.
- Geitmyra matkultursenter for barn er eit nasjonalt kompetansesenter for matkultur og ei ikkje-kommersiell stifting med mål om å lære barn og unge å bli glade i mat som gjer dei godt.