Ein ny arena for dyr og dyreinteresserte folk

Velkomen til Hestevegen – ein beredskapsveg og rettstrekke for islandshest i eitt. Den nye vegen gir enkel tilgang for dyra til det nyaste området på Dyrskuplassen, E500. Hit flyttar TYR heile arenaen sin, der du kan lære om kjøttferasane, sjå temjing av dyr og westernriding. Og mykje, mykje anna.

02.09.2026
Western ridning og TYR arena

Då Dyrsku’n i 2024 kjøpte garden Brenne, som ligg rett attmed Sterke Nils-tunet, var det eit ledd i arbeidet med å skape Noregs beste marknadsplass. Området er viktig for å gi både publikum og utstillarar meir plass å boltre seg på, både under sjølve Dyrsku’n, men òg andre delar av året.

Delar av plassen vart brukt under Dyrsku’n i fjor, men det er først i år han kjem ordentleg til sin rett, fortel Marit Mæland, prosjektleiar i Dyrsku’n.

– No har området fått ein ny veg, Hestevegen, som både er eit rettstrekke for hest og ein beredskapsveg. Vegen gir oss i tillegg ein enklare måte å få inn dyra på Dyrskuplassen, seier ho.

Større boltreplass for kjøttfe

Akkurat det er avls- og interesseorganisasjonen TYR glade for. Dei har det nasjonale ansvaret for kjøttfeavl i Noreg og er sjølvsagt tungt til stades under Dyrsku’n. I år flyttar dei heile arenaen sin ned til dette nye området, og med denne nye boltreplassen blir det òg mogleg å utvide.

Her kan publikum sjå og lære meir om mangfaldet av kjøttferasar i Noreg. Du kan møte både kyr og kalvar, og representantar frå TYR svarar på alt du måtte lure på om kjøttfe, avlsarbeid og produksjon av storfekjøtt.

På den andre sida av området blir det dagleg framvising og presentasjon av ti av dei norske kjøttferasane, med informasjon om både særpreg og eigenskapar for kvar rase. Som tidlegare år blir det demonstrasjon av dyretemjing, der du kan sjå korleis ein raskt og effektivt får storfe til å bli «leietamme».

Riding med cowboy-vri

Eit høgdepunkt for mange er demonstrasjon av korleis ein kan bruke westernhest som arbeidsverktøy når ein sorterer storfe. Denne tradisjonsrike arbeidsforma, der ein gjeter kyr frå hesteryggen – såkalla westernriding – er fascinerande og underhaldande for både storfebønder og hesteinteresserte, og for den jamne publikummaren.

– Dette var veldig populært i fjor, og i år blir det endå betre plass til både demonstrasjonen og publikum. Vi planlegg dessutan å få opp ei tribune der nede, slik at det blir enklare å få sett alt som skjer ordentleg godt. Dette har vi skikkeleg tru på at blir veldig bra, seier Mæland.

Inspirert av westernridinga frå i fjor blir det dessutan demonstrasjon av gjeting av sau, der ein gjetarhund får vise fram kor god han er til å gjete sau. Norsk Sau og Geit, som har sin eigen stand på området, er arrangør.

På området vil du òg kunne sjå ein annan av favorittane til borna i aksjon: Kvar dag arrangerer nemleg Norges Kaninhopperes Landsforbund oppvisning med kaninhopping, der ein førar fører kanina si over ulike hinder og gjennom ein bane.

Speidaraktivitetar og matutsal

Norges speiderforbund, representert ved Telemark-kretsen, kjem for å lage artige aktivitetar for barn i alle aldrar, slik dei har gjort dei siste to åra. Barne- og ungdomsorganisasjonen har om lag 18 000 medlemmar og kan by på mellom anna den populære speidarkarusellen.

Området som tidlegare var Brenne gard, har fått namnet Arena E500 og får i år sitt eige matutsal. Seljord idrettslag står for salet, og det blir sjølvsagt sitjeplassar, slik at du kan nyte maten på staden.

– Dette blir ein fin base for familiar og ein utsøkt plass for både aktivitetar og underhaldning, seier Mæland.

Sjå program.