– Dyrskuplassen skal fyllast med flotte dyr og stolte matprodusentar. Levande dyr er sjølve ryggrada i Dyrsku’n, og vi gjer det vi kan for å leggje til rette for at flest mogleg skal ta turen til Seljord med dyra sine, seier Marit Mæland, prosjektleiar i Dyrsku’n.
I år kan utstillarane velje mellom to former for dømming. Dei kan anten stille dyra på Dyrsku’n eller få dei dømde heime på garden gjennom gardsdømming. Resultata frå gardsdømminga blir presenterte på storskjerm under arrangementet, slik at publikum får møte endå fleire flotte dyr.

Gjer det enklare å delta
– Levande dyr er sjølve hjartet i Dyrsku’n. Gjennom husdyrutstillingane ønskjer vi å gi publikum eit nærare møte med dyra, bøndene og den flotte jobben som blir gjort på norske gardar kvar einaste dag. Når folk får møte produsentane og sjå dyra på nært hald, får dei ei betre forståing for norsk matproduksjon og alt arbeidet som ligg bak maten på bordet. Dyrsku’n har heilt sidan starten vore ein møteplass mellom bonden og forbrukaren, og vi ønskjer å halde den tradisjonen levande, seier Marit Mæland.
For å gjere det enklare å stille ut dyr på Dyrsku’n, tilbyr vi høgare premie ved dyrskudømming, dekt transport gjennom Nortura eller godtgjering for eigen transport, veterinærattest og avløysartilskot.
– Vi veit at det krev mykje å reise med dyr. Derfor ønskjer vi å leggje best mogleg til rette, slik at flest mogleg kan ta turen til Seljord med dyra sine.
Premiane blir framleis delte ut som tradisjonelle sylvpremiar – ei utmerking med lange tradisjonar på Dyrsku’n og noko utstillarane sjølve har ønskt å ta vare på.
Ein stolt tradisjon
Dyrsku’n har heilt sidan starten handla om å løfte fram godt husdyrhald og dyktige matprodusentar. Dømminga handlar ikkje berre om flotte dyr, men om målretta avlsarbeid, god dyrevelferd og norsk matproduksjon.
– Friske dyr er grunnlaget for trygg mat av høg kvalitet. Vi ønskjer å heidre bøndene som kvar dag gjer ein viktig jobb med å ta vare på dyra sine og produsere mat til heile landet.
Historia går heilt tilbake til 1866, då den første statsutstillinga av storfe blei arrangert i Seljord. Målet var å styrkje avlsarbeidet og auke matproduksjonen i Noreg. Over 160 år seinare er husdyra framleis sjølve kjernen i Dyrsku’n.
– Det ligg mykje stoltheit i å vise fram gode dyr. Dyrsku’n skal vere den naturlege møteplassen der bønder kan dele kunnskap, inspirere kvarandre og vise publikum det beste norsk husdyrhald har å by på.