Gjenbruk, reparasjon og beredskap – kunnskap for framtida

«Frå tradisjon til moderne, grenselaust og berekraftig» er årets særutstilling i Hall B. Her løfter vi fram reparasjon, redesign, gjenbruk og upcycling – med utgangspunkt i kunnskap og tradisjonar som har vore viktige i generasjonar.

03.09.2026
I Hall B kan du sjå handverkarar i arbeid, her frå Dyrsku’n i fjor. Skreddarane Anders Storøygard og Thorstein Sjursen (til høgre) kjem attende i år, og denne gongen vil dei demonstrere vending av eit plagg. Foto: Anna Katharina Garmeister

I ei tid der vi både må bruke ressursane våre smartare og vere meir førebudde på det uventa, blir denne kunnskapen stadig meir aktuell.

– Dette er veldig i tida. Når vi kan ta vare på og reparere det vi har, blir vi også mindre avhengige av å kjøpe nytt, seier Anna Katharina Garmeister, prosjektleiar for Husflidutstillinga, tilsett via Vest-Telemark Museum.

– I krisetid vil det ikkje vere mogleg å skaffe nye varer frå utlandet. Då må ein bruke det ein har. I hundreår har det vore avgjerande å kunne reparere ting og få dei til å vare så lenge som mogleg, anten det er eit hus eller ei kjerre, men òg klede, reiskap og andre gjenstandar. Dette er difor ein viktig del av beredskapen.

Men reparasjon og gjenbruk er ikkje berre viktig i krisetid, understrekar Garmeister. Også med tanke på overproduksjon og overforbruk, ikkje minst i eit rikt land som Noreg, der folk har mykje å rutte med og enkelt kan erstatte tinga sine med nye, heller enn å reparere dei dei har.

Éin ting er at det er enklare – og ofte også billegare – å kjøpe nytt. Ofte er det ikkje ein gong mogleg å skaffe reservedelar. Eller vi har ikkje kunnskapen til å ta ordentleg vare på og reparere tinga våre. Vissheita om dette gjorde at årets tema gav seg sjølv.

– Denne måten å tenkje på er veldig problematisk. Heldigvis ser vi, samstundes med at overforbruket held fram, at stadig fleire snakkar om og brukar såkalla visible mending, altså synleg reparasjon, og redesign. Vi har blitt meir medvitne om at vi ikkje kan ha uavgrensa forbruk på ein planet med avgrensa ressursar, seier Garmeister.

– Ikkje ein skam å reparere

Ein som tek i bruk nettopp det mange ser på som avfall, er kunstnar Martiens Bekker, opphavleg frå Sør-Afrika, no busett i Vinje. Han lagar mellom anna skulpturar og smykke av gjenbruksmateriale, som til dømes metallavfall, som han finn i bruktbutikkar og på avfallsmottaket. Om sommaren stiller han ut verka sine på Mjonøy, og i haust vil han stille ut nokre av arbeida sine i Hall B.

Garmeister fortel at det òg vil bli stilt ut meir kvardagslege gjenstandar som er reparerte, inkludert lampar restaurerte av Ida Charlotte Børrestad Hodne i Vesle lampe.

– Og så er vi så heldige at vi får stille ut ein eldgamal islendar frå ein eldre husflidsentusiast. Genseren ber preg av at han har vore brukt og reparert gjennom eit langt liv. Vi vil vise fram at det å reparere og ta vare på ting, sjølv om det blir synleg – og for nokon kanskje til og med «stygt» – gir gjenstandane ein verdi i seg sjølve. Det er ikkje ein skam å reparere ting, seier ho.

Demonstrasjon av vending

Særutstillinga på Dyrsku’n handlar ikkje berre om å stille ut gjenstandar. Minst like viktig er formidlinga av kunnskap frå fagfolka som kan det best. Garmeister fortel at det fungerte veldig fint å ha handverkarar som sat i Hall B og arbeidde, viste fram og fortalde om kva dei gjorde.

– Publikum var veldig interesserte.

Dei stoppa opp og spurde, og nokre kom att fleire dagar på rad for å sjå kor langt handverkarane hadde kome. Folk var nysgjerrige og ville lære meir, så det var ein suksess.

Garmeister er difor glad for å kunne gi publikum eit gjensyn med to av fagfolka som var der i fjor. Anders Storøygard og Thorstein Sjursen kjem tilbake, og denne gongen vil dei demonstrere vending av eit plagg. Dei to er skreddarar og held til i Oslo, der dei driv Th. Sjursen & Co. og leverer skreddarsydde plagg av høgaste kvalitet, sydde etter tradisjonelle handverksmetodar.

Ein slik metode er vending av plagg, som kort fortalt er ein teknikk for å «snu» eit plagg, slik at ein kan få mest mogleg bruk ut av materiala. Garmeister forklarer det slik:

– Om ein før i tida hadde til dømes ein frakk eller ei kåpe laga av ullstoff og fôr, som ein brukte i årevis, vart den etter kvart sliten. Då kunne ein ta frakken eller kåpa frå kvarandre i delar, reinse stoffet og sy det saman att med innsida av ullstoffet ut. Den gamle, slitne utsida av stoffet vart då den nye innsida av plagget, som så fekk nytt fôr.

Handinnbinding og restaurering av bøker

Bokbindar Lisa Bøthun kjem også til Hall B, og i lag med lærling Siri Marie Fjell skal ho demonstrere handhefting og handforgylling av bøker. Ved Bøthuns Bokverksted i Tønsberg, der dei arbeider til dagleg, held dei gamle handverkstradisjonar i hevd, samstundes som dei viser korleis handinnbundne bøker kan få ei meir moderne utforming.

– Både handhefting og handforgylling er veldig publikumsvennleg og viser fram noko ein ikkje ser i kvardagen, seier Garmeister.

Ho fortel at bokbindaren òg vil ha med seg ei lita utstilling med bøker som er restaurerte og reparerte på ulike vis.

Formidling av fagfolk

I Mellombygget, altså bygget som bind Hall A og Hall B saman, vil du finne Veronica Glitsch, som har over 20 års erfaring som klesdesignar, skreddar og kursleiar. Ho har laga SømFix, ei teneste for formidling av reparasjon og endringssaum av klede.

Tenesta gjer det mogleg for fagfolk å leggje ut informasjon om kva dei tilbyr, og så kan du som kunde finne den rette for akkurat det du treng. Glitsch vil vere til stades for å fortelje meir om SømFix – og for å hjelpe publikum med å ta mål av kroppane sine på riktig vis, noko Garmeister trur mange synest er vanskeleg.

Utstilling frå tradisjonell tevling

Dyrsku’n er ein av dei største og viktigaste arenaene for formidling av norsk husflid, handverk og design i Noreg. Den nasjonale tevlinga har som mål å ta vare på både tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.

I år blir det konkurrert i kategoriane tekstil, tre, sølv, kniv, smiing, keramikk og rosemåling, og på Dyrsku’n kan du sjå gjenstandar frå kvar kategori i utstillinga i Hall B.

Sjølv om rosemåling vart teke inn att i fjor, er det framleis få innleveringar. Garmeister håpar på fleire innsendte gjenstandar i år, slik at kategorien får halde fram med å vere ein del av tevlinga også i åra som kjem.

Ho understrekar at konkurransen ikkje er ein konkurranse mellom gjenstandane, men at kvar gjenstand vil få si eiga vurdering frå erfarne fagfolk. Alle dei innleverte gjenstandane blir stilte ut under Dyrsku’n, og det er Norges Husflidslag som finn og kvalitetssikrar dommarane.

Sjå program.