Mounted Games er ein engelsk konkurransesport, og blei starta opp av H.K.H. Prins Philip på 1980-talet. Idrettsgreina blei ein del av Noregs Rytterforbund i 2012.
Årets hesteoppvisning: Mounted Games
Det som kjenneteikner Mounted Games er konkurranseponniar i full fart, med stor presisjon av rytterar i alle aldrar. Konkurransane er stafett der fleire lag rir mot kvarandre, spenninga er ikkje over før siste rytter er i mål! Gjer rytterane feil, må desse rettast opp i for å få godkjent racet.
Gled deg til underhaldande hesteoppvisning med høg grad av spenning og fart!
26.06.2023
