Ser ljost på framtida

Anleggsbransjen har klara seg relativt godt gjennom pandemien, seier Olav-Kåre Thingwall i Bertel O. Steen Lastebil. Han er optimist og trur på ei grønare framtid for både bransjen og selskapet.

09.09.2021
Mercedes Benz-Daimler AG

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Daimler AG & Bertel O. Steen

 

Mercedes-Benz er verdas største produsent av lastebilar, og Olav-Kåre Thingwall, PR- og informasjonssjef i Bertel O. Steen Lastebil, trur framtida er ljos for selskapet.

-Daimler AG, som mellom anna produserer Mercedes-Benz, er ein innovativ og leiande aktør innan køyretøyutvikling, og eg ser positivt for framtida som deira norske representant, seier Thingwall.

Grønare framtid

Eit av måla for både Mercedes-Benz og bransjen generelt, er å bli grønare. Eit av satsingsområda for å få til det, er å skape nullutsleppsløysingar for drivlinene i lastebil, altså den delen av lastebilen som driv køyretøyet framover. Dette er allereie under utvikling.

-Om fem år vil elektriske drivliner for nærtransport vere betydelege. Forutsetningane i offentlege anbod vil vere krav om nullutsleppskøyretøy, seier Thingwall.

Han understrekar at utviklinga av elektriske lastebilar framleis er i start-fasen og at dei i hovudsak vil dekke nærdistribusjon.

– Litt lenger fram vil fuelcell-teknologi vere eit godt alternativ for langtransporten, seier han.

Fuelcell, eller brenselcelle på norsk, nyttar ein teknologi der kjemisk energi frå til dømes hydrogen eller naturgass blir konvertert til elektrisk energi utan normal forbrenning.

Olav Kåre Thingwall, PR- og informasjonssjef i Bertel O. Steen Lastebil Olav-Kåre Thingwall, PR- og informasjonssjef i Bertel O. Steen Lastebil

Stimulert til aktivitet

PR- og informasjonssjefen meiner at anleggsbransjen har klara seg relativt godt gjennom pandemien, sjølv om det sjølvsagt har vore krevjande. Han er nøgd med at myndigheitene har stimulert til aktivitet i ei tid kor mange bransjar har måtta sakka kraftig ned eller stoppe heilt opp.

No ser han fram til dei mange gode anleggsprosjekta som kjem utover hausten og vinteren. Og til at bransjen igjen kan møtast på Dyrskuplassen i 2022.

– Dyrsku’n har utvikla seg til å bli ein av dei største nasjonale arenaene for anleggsrelaterte produkt og er ein viktig møteplass mellom kundar og leverandørar.