Matlyst på laurdag

Mange utstillarar og besøkande kjem langvegsfrå for å oppleve ulike matkulturar og lokalmat frå heile landet

14.09.2019

Her finns smaksprøver på det meste, som fersk frukt og grønsaker, ulike ostar laga på tradisjonsvis, spekepølser og lammekjøt.

 

Wilma og Ben kjem frå Nederland, men bur no i Lunde i Telemark. Dei har haldt på med bakst sidan i sommar, og kvar laurdag bakar dei steinomnsbaka brød, skulebollar og julekaker på Øvre Verket på Ulefoss. Kvelden i forvegen fyrar dei opp den gamle steinomnen og set ulike deigar. Dagen etter former dei baksten og set den til heving, og ryddar ut aske av omnen så den er klar til å fyljast med dei mest freistande bakevarer. I år fekk dei ein førespurnad frå Dyrsku’n dei ikkje kunne seie nei til, og dei har rigga seg opp ved steinomnen ved sidan av Eldhuset. Dei prøver seg stadig på å lage nye bakevarer, for å bake på gamaldags vis i steinomn er nokså nytt for dei.

Inne i Lokalmat-teltet finns det fleire osteprodusentar, og Stordalen Gardsbruk og Fruktkonfekt vann prisen for Årets matprodukt foredla med sine utsøkte sjokoladetrøflar. Trøflane er eit samarbeidsprosjekt mellom Stordalen Gardsbruk (Tinn), Fruktkonfekt (Bø), Lindheim gard (Sauherad) og Valen gard (Bø). På deira stand kan ein òg få smake på heilfeit, brun geitost på brau, som er ein himmelsk smakskombinasjon. Stordalen Gardsbruk er eit familieforetak som er tufta på gardens ressursar og lagar alle sine produkt utan kunstige tilsettingsstoff.

Rørosrein er på Dyrsku’n for fyste gong, og på vei frå Røros til Seljord stoppa dei i Oslo-området for å levere kjøt.
Rørosrein leverer delikatesser frå vidda, og i går vann dei pris for Årets Matprodukt Naturell for sin mørbrad av reinsdyrkalv, Rørosviddas Perle.

Dommarpanelet for Årets matprodukt besto av:

Nils Johan Fjeldahl – kokk, Bama. Jobbar no på Opplæringskontoret for lærlingar innan kokk og servitør i Telemark.
Hanne Frosta – kokk, tidligare eigar og driver av «Hanne på høyden», medlem av fora, Nordisk mat, Bergen fengsel avd. Osterøy.
Terje Dørumsgaard – Autodidakt dilettant, matbloggar (www.matartikler.com), matskribent, matbokforfattar, tidligare osteprodusent og produktutviklar.
Svein Jæger Hansen – Reinsdyrkokken, viltgrillkokken, gründer bak Villmarksakevitten, forfattar bak Villmarkskokeboken som kjem ut i september 2019 – jobbar som kjøkkensjef på Scandic Meyergården Hotell gjennom 25 år.

 

Laurdag ettermiddag kom Vendela Kirsebom og Petter Pilgaard Lokalmat-kjøkkenet saman med Bodil Norjordet. Folk samla seg rundt dei idet dei trådde inn i rolla som pølsemakarar, med god hjelp frå kjøkkensjef Svein Jæger Hansen og Ståle Berg frå Ask Gård, og eksperttips frå sidelinja av Bodil Nordjordet.

Det blei kamp om å ta dei beste bileta av det sympatiske kjendisparet, og jammen hadde dei tid til et par selfies eller to!

Pølsene vart laga av storfe, svin og svinespekk, og kjøtet kjem frå Thorbjørnrud. Dei er milde og passeleg krydra, og då Petter hadde stekt dei ferdig, vart det smaksprøver til dei som ynskja ein smakebit på kjendisanes meisterverk.