Opplev skogens ro

I år skal skogen førast attende til Dyrskuplassen. Målet er gi barn og unge ei grøn frisone midt i det myldrande folkehavet.

29.08.2022

Tekst: Roger Moe, Tun Byrå | Foto: Dyrsku’n

Det er ei kjend sak at det å trekkje seg tilbake til naturen kan vere godt for kropp og sjel. Dette kan du få testa ut under årets Dyrsku. 50 tre skal fellast på eit skogpleieområde. Trea skal pakkast inn og fraktast til Skogtunet på Dyrsku’n. Her skal dei setjast på fot og ramme inn ein S-forma skogssti med koselege krokar, skjerma for det pulserande festivallivet.

Karl Henrik Berke er ansvarleg for årets program på skogtunet. Hans ambisjon er å få barn og unge til å oppdage og oppleve skogen som ein fristad. – Vi veit jo at ein tur i skog og mark kan virke stressregulerande, og stress er noko mange kan kjenne på i dag. Vi skal prøve å skape ei grøn lunge der borna kan få kjenne litt på det å kunne gøyme seg bort og kjenne på kva det gir, fortel Berke.

I skogen kan barna kose seg uforstyrra med spikking. Dyrsku’n stiller med spikkeknivar og emne, og deler velvillig tips og triks til korleis du kan spikke ditt heilt eige meisterverk. Langs skogstien blir det også hengt opp spørsmål, og det vankar premiar for dei som svarar bra. På skogtunet blir det også ein natursti der heile familien saman kan løyse spennande oppgåver.

Det blir også mange andre spennande aktivitetar og opplevingar på Skogtunet. Du kan få smake på is med smak av vanillin utvunne frå bartre av Tenk Tre. Borna kan få testa skogdriftsyrket gjennom å teste ut blant anna ein minilasteberar. Ungdom kan bli kjent med skogsdrift som yrkesval via skognæringas rekrutteringsprogram. Det blir utstilling av skogplanter, konkurransar med elektriske motorsager og mykje anna spennande. Ta turen innom skogstunet!

 

PROGRAM SKOGTUNET

Alle dagar:

●   Servering av gratis bålkaffi og triveleg bålprat

●   Natursti i «miniskogen» og spikking for born ved Skogselskapet

●   Prøvesitjing av hogstmaskin (for dei minste)

●   Prøvekøyring av hogstmaskin- simulator (for dei litt større)

●   Norgesplanter AS demonstrerer miljøvennleg vern av skogplanter med voks.

●   Informasjon om utdanning ved: Velg Skog og Nome videregående skole, avdeling Søve.

 

Fredag og laurdag:

●   Smaksprøver: «Frå flis til is»

 

Bidragsytarar:

●   Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

●   Skogselskapet i Buskerud og Telemark

●   AT-Skog

●   Tenk Tre

●   Norgesplanter

●   Nome videregående avd. Søve

●   Velg Skog

●   Komatsu Forest