Dyrsku'n er ein stor og synleg arena for anleggsbransjen.

Landbruk og anlegg på Dyrsku’n

Store samvirkeorganisasjonar og nasjonale aktørar held årleg av helga når Dyrsku’n går av stabelen, dei ser arrangementet som ein viktig, nasjonal arena for kunnskapsformidling, innovasjon og som ein særs viktig møteplass med forbrukarane og kundane sine.

På Dyrsku’n er etablera firma og entreprenørar godt representert, saman med innovative og nyoppstarta leverandørar. Saman kan dei levere i full breidde på produkt du treng både i den profesjonelle drifta og kvardagen din.

I tillegg kan du møte lag og organisasjonar som er knytt til bransjen, og få ein hyggeleg prat med fagkyndige og engasjera tilsette.

Maskin og anlegg blir meir og meir viktig for norske bønder, noko som har blitt godt synleg på Dyrsku’n. Anleggsområdet har vokse i rekordfart, og er det største området på Dyrskuplassen. Lokale og tilreisande entreprenørar kjem for å halde seg oppdatera på siste produktutvikling og gjere årets siste (og beste) innkjøp til firmaet sitt.

Bli betre kjent med utstillarane våre her.

Dyrskuplassen i Seljord - oversiktsbilde

Arenaoversikt

Bli betre kjent på Dyrskuplassen, og kva for område du finn utstillarane du er interessera i.

Dyrsku'n - frå Husdyrhallen

Møt Landbruket

Under paraplyen Møt landbruket skal både innvigde og uinnvigde få betre kjennskap til landbruket gjennom debattar, faglege foredrag, informasjon og demonstrasjonar.

Handle trygg, norsk lokalmat på Dyrsku'n

Utstillarar

Dyrsku’n har eit breitt og spennande tilbod frå mange produktgrupper. Her kan du bli betre kjent med våre utstillarar på Dyrsku'n. Første inntak til Dyrsku'n er snart klar, og utstillarlista for 2024 vil bli oppdatert.