Dyrskuavisa 2025

Velkomen til rotekte opplevingar og folkefest!
Her kan du lese Dyrskuavisa 2025.

26.08.2025
Frå eit hjarteleg møte på Dyrsku'n

Sjå Dyrskuavisa 2025 (issuu).

Velkomen til Dyrsku’n

I over 150 år har folk frå heile landet samla seg på den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å oppleve Dyrsku’n – ein unik kombinasjon av folkefest, kultur og landbrukstradisjon. Her møter du levande bygdekultur, husdyr, handverk, mat og innovasjon side om side, og små og store får både ny kunnskap og kjennskap gjennom rotekte opplevingar.

Trude Flatland, Styreleiar

Som ny styreleiar gler eg meg stort til å ta fatt på oppgåva med å leie dette fantastiske arrangementet. Dyrsku’n er ein stad der tradisjon møter nyskaping, der bygda møter byen, og der nye idear og stolte tradisjonar kan vekse side om side. Dette er ein arena der både ungdom og veteranar kan hente inspirasjon, skape nettverk og oppleve norsk kultur på nært hald.

Dyrsku’n er mykje meir enn ei messe. Frå husdyrutstillingar i Fjoset til spennande aktivitetar for barn og unge, frå kunnskapsdeling om mat og landbruk til møte med nasjonale aktørar – her vert kvar gjest invitert til å oppleve noko ekte. Det handlar om stoltheit, om framtid og om å feire det beste av norsk bygdekultur.

Eg håpar både gamle og nye gjestar finn seg til rette og lar seg inspirere.

Velkomen til Dyrsku’n 2025 – til rotekte opplevingar, kunnskap og fest for heile familien!