Dyrsku’n gjev oss luft i budsjettet

Oppi bakkane i Flatdal merkar dagleg leiar godt at Dyrsku’n er avlyst for andre gong. Tapet av drygt 700 000 kroner svir, men dagleg leiar Mogens Iversen  er meir uroa for ringverknadene for andre i næringslivet.  – Eg får vondt i magen, seier han.

11.09.2021
Mogens Iversen, dagleg leiar i Aasmundsen bakeri

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Haakon Sand

 

«Godmorgen», klinger det på kav dansk frå bakar Mogens Iversen. Vi har nett køyrt opp bakken frå idylliske Flatdal. Rundt den krappe svingen ved historiske Nutheim Gjestgiveri og litt vidare opp Flatdalsvegen finn vi det tradisjonsrike Aasmundsens bakeri. Dagleg leiar Iversen møter oss i resepsjonen. Utsynet over dalen er nok til å ta pusten frå ein, men denslags dagdrøyming og slaraffenliv er det ikkje tid for no.

– Kom! Brøda ventar ikkje, seier Iversen og viser veg opp ei smal trapp og inn i sjølve bakeriet.

Han hastar bort til heverommet, kor ein skjerm viser temperatur og luftfukt, og opnar døra. Dei har starta brødbaksten ekstra tidleg i dag for at vi skal få sjå mest mogleg av prosessen bak nokre av spesialitetane deira, fortel han.

– Alle telemarkingar kjenner til Aasmundsens bakeri. Det har vore eit merkenamn her i snart 100 år. Noko av det vi er mest kjent for, er sjøormbrødet vårt, seier han.

Seks dagar i veka køyrer dei 140 mil for å levere brød av alle slag til heile Telemark i fire faste ruter: Notodden, Vest-Telemark, Grenland og Midt-Telemark.

Frå frilansar til dagleg leiar

Iversen er utdanna handverksbakar, og det var tidlegare bakerieigar Per Aasmundsen som fekk han til Noreg i si tid. Dei siste tolv åra har han vore dagleg leiar her på bakeriet. Han er stolt av å få drive den tidlegare familie-bedrifta vidare.

– Sjølv om familien Aasmundsen ikkje eig bakeriet lenger, er det viktig for oss å ta vare på tradisjonane deira, seier han og viser oss vidare inn i konditoriet for å vise oss ein annan spesialitet frå gamalt av.

Inne på det heilt nybygde konditoriet kjenst lufta som den fyrste svale haustbrisen etter ein gloheit sommar. Ved eit stort stålbord står Marit Straume og dekorerer marsipankaker med stødig hand.

– Platekake er ein av dei opphavelege spesialitetane til Aasmundsens. Det er ei tørr kake, laga med to tynne plater mørdeig med eplesyltetøy mel-lom og melisglasur med strøssel på toppen, fortel ho.

Kaka kan ein kjøpa på eit av dei utsala til bakeriet, men sidan ho er lett å eta mens ein står eller går, er ho òg veldig populær på Dyrsku’n.

Mogens Iversen, dagleg leiar i Aasmundsen bakeri

Mogens Iversen, dagleg leiar i Aasmundsen bakeri, får vondt i magen når han tenker på ringverknadane for andre i næringslivet ved nok ei avlysing av Dyrsku’n.

Gjev oss luft i budsjettet

Iversen nøler ikkje når vi spør kva Noregs største landbruks- og handels-messe betyr for verksemda.

– Det er årets viktigaste hending, utan tvil. Det er livsviktig for bakeriet, og med meir enn 80 000 menneske samla på ein stad, er det jo ein enorm verdi berre å vere der og vise seg fram, seier han.

Men Dyrsku’n er meir enn tre dagar med marknad og messe. Heile veka før bjølla ringer, skal sjåførar, riggarar, bobilfolk og campinggjestar ha mat. I om lag ti dagar før og under Dyrsku’n triplar utsalet til bakeriet i Seljord omsetjinga si. Iversen seier det utgjer omlag 300  000 kroner ekstra   berre der.

Det betyr sjølvsagt hektiske tider på bakeriet, som går over til døgnproduksjon. Alle dei tilsette set inn eit ekstra gir eller to for å få alt gjort. Iversen veit godt at det kostar, så han har gjort tradisjon av å gje dei tilsette ei ekstra påskjøning når vinteren kjem.

– Vi har mange tilsette frå Polen, og kvart år tek vi med alle dit for eit skikkeleg jolebord. Fire dagar med alt betalt. Det veit eg betyr mykje for dei, og det er omsetjinga frå Dyrsku’n som gjer oss luft i budsjettet til å gjere slike ting, seier han.

Slik vart det ikkje i fjor. Med avlysinga i Seljord vart det heller ingen ekstra pengar å dele ut, korkje til dei tilsette eller andre. Bakeriet har gjort alt dei kan får å klare å tilby alle dei tilsette arbeid gjennom heile pandemien og har klara seg heilt utan permitteringar.

Uroa for ringverknadane

Men sjølv om pandemien har vore vanskeleg i seg sjølv, er det ringverknadane frå Dyrsku-helga som verkeleg smertar. Iversen anslår at tapet i fjor var på mellom 700 000 og 1 million kroner.

– Det svir sjølvsagt, og det kan vere vi går i minus for fyrste gong sidan eg starta, men fordi vi har tryggleiken i eigarane våre, held vi hovudet over vatnet her på bakeriet. Verre er det nok for mange andre, og eg får vondt i magen berre av å tenkje på ringverknadene for næringslivet i Seljord, seier han.

Dansken blir tydeleg prega då han pratar om ungdommen som mistar sårt trengde ekstrainntekter dei vanlegvis får frå tida rundt Dyrsku-helga. Dette er pengar studentane lever på heile resten av året. Bakeriet har òg mått kutte sponsormidlane til lokale idrettslag.

– Det gjer så vondt. Sjølv om alle forstår kvifor det må vere slik, veit eg kor mykje dei pengane betyr for born og unge i bygda, seier han.

Inne i bakeriet er sjøormbrøda ferdig stekte. Iversen opnar døra til den 300 gradar varme omnen, og dampen og varmen slår imot oss. Det same gjer dufta av nysteikt brød.

Utan aksjonærane våre hadde det aldri vore bakeri her i dag. Det er ein vanskeleg marknad, og vi er heilt avhengige av dei for å kunne drive Aasmundsen vidare, seier Iversen.

Etter nokre fåfengde forsøk på å få han til å dele oppskrifta på signatur-brødet deira, blunkar bakaren løyndomsfullt og kviskrar:

– Korn blautlagt i kulturmjølk.